Herold

Endeleg losna det

Plus
Kilde: NH Author: Arthur Kleiveland Published: 2026-04-30 17:40:46
Endeleg losna det

Endeleg losna det for samarbeidslaget NBK/Kvernbit. VĂ„rt fremste flaggskip pĂ„ kvinnesida slo Sandviken 3–0.

4.div. kvinner, Fossemyra

NBK/Kvernbit – Sandviken 3–0 (2–0)

1-0: Marion Monsen (23), 2-0: Mia Moldrheim-Skibenes (32), 3-0: Sunniva VÄgseth (81)

NBK/Kvernbit har ikkje fĂ„tt nokon pangstart i 4. divisjon, med 0–3 i opningskampen heime mot Nymark og 0–1 borte mot OsterĂžy. Men i midtvekes-kampen mot Sandviken fekk heimelaget inn tre fulltreffarar.

Godt nĂžgd

– Ein god kamp av heile laget. Og vi har begynt Ă„ skĂ„ra mĂ„l, seier mĂ„lvaktar og assistenttrenar Anna Oline Harnes.- Vi kjempar hardt og vinn fortent mot eit fintspelande Sandviken-lag.

– Vi ligg kompakt og forsvarar oss, og er gode pĂ„ kontringar nĂ„r vi fĂ„r moglegheit, seier Harnes.

Den fÞrste skÄringa kom midtvegs i 1. omgang etter eit langt innkast, der Marion Monsen plasserte ballen over gjestane sin burvaktar.

Ser framover

Knapt ti minuttar seinare skÄrar Mia Moldrheim-Skibenes direkte frÄ hjÞrnespark. Den tredje skÄringa sette Sunniva VÄgseth kontant i nettmaskene etter hjÞrnespark og mykje klabb og babb framfor mÄl ti minuttar fÞr full tid.

OsterÞy og Nymark toppar tabellen, og dette er dei to laga NBK/Kvernbit tapte mot i dei to fÞrste kampane. I sin neste kamp skal NBK/Kvernbit spela borte mot SÊdalen/Fana2 10. mai, eit lag som stÄr utan poeng pÄ sine to fÞrste kampar.

đŸ·ïž Extracted Entities (10)

NBK/Kvernbit (entity) Sandviken (entity) Marion Monsen (person) Mia Moldrheim-Skibene (organization) Nymark (place) Sunniva VÄgseth (person) Anna Oline Harnes.- Vi (organization) Harnes (place) OsterÞy (place) SÊdalen/Fana2 (entity)