Herold

Køyrde seg fast i Trollstigen – berga etter fire og ein halv time

Kilde: NRK Author: Jon-Arne Akselsen Published: 2026-04-30 08:53:20 Last updated: 2026-04-30 14:47:43
Køyrde seg fast i Trollstigen – berga etter fire og ein halv time

Ein buss køyrde seg fast i Fivasvingen i Trollstigen rundt klokka 10.30. Klokka 15 var turistbussen berga og trafikken kunne etter kvart gå som normalt igjen.

Ifølge Åndalsnes Avis såg det ut til at bussen hadde køyrt seg fast på ein stein eller eit berg. Uhellet skjedde i ein sving.

Det var for smalt på staden til at andre bilar kunne kome forbi, og det blei difor stopp både opp og ned.

Bussen ser ut til å ha køyrt seg fast på ein stein.

Tok tid å berge bussen

Straumen Bil fekk oppdraget med å hjelpe bussen, og selskapet opplyste like etter 11.00 at deira bil hadde starta frå Vestnes.

For best å kunne hjelpe bussen kunne ikkje bergingsbilen køyre via Åndalsnes, men måtte via Valldal. Bergingsbilen måtte dessutan rygge ned til bussen, for å kome til med sine kraner. Like før klokka 15 var bussen heist laus, men då hadde det gått omlag fire og ein halv time sidan den køyrde seg fast.

Opna rekordtidleg

Den nasjonale turistvegen Trollstigen opna for sesongen tidlegare denne veka.

I år var det rekordtidleg opning av strekninga, som kvart år blir besøkt av tusenvis av turistar.

Dette er ikkje første gong at ein buss har køyrd seg fast i ein av svingane i Trollstigen.

🏷️ Extracted Entities (8)

Trollstigen (entity) Møre og Romsdal 📁 (category) Trafikk i Møre og Romsdal 📁 (category) Trollstigen 📁 (category) Åndalsnes Avis (person) Fivasvingen (entity) Straumen Bil (person) Valldal (place)

📊 Metadata

Category: Møre og Romsdal, Trafikk i Møre og Romsdal, Trollstigen
OpenGraph Title: Turistbuss har køyrt seg fast i Trollstigen
Twitter Title: Turistbuss har køyrt seg fast i Trollstigen