Mystisk fenomen: – Me er på tynn is
Plus
Fleire stader langs Skjoldafjorden har det danna seg lange, kvite og til dels breie striper av kvit stein. Torsdag ettermiddag byr forskar Lars Johan Naustvoll på ei mogleg forklaring.
VINDAFJORD:Ein person busett i Skjold har sendt oss desse bilda av strendene fleire stader ved Skjoldafjorden. Det eine bildet er frå Skjoldavik og det andre på Vikaneset.
– Me har blitt informert og førebels kan eg vel seia at me er «på tynn is», seier einingsleiaren for kommunaltekniske tenester i Vindafjord, Berit Fyljesvoll Haugsland.
Ein tilsett har nemleg informert om det same synet: Strekningsvis fleire stader langs Skjoldafjorden har det danna seg lange, kvite og til dels breie striper av kvit stein.
– Kan vera isen
– Me har sjekka vårt reinseanlegg i Isvik og her fungerer alt som det skal. Vår førebelse teori er faktisk at det kan vera isen på Skjoldafjorden i vinter som er forklaringa. Men her er me, vil eg sei, på litt «tynn is» førebels.
– Kva trur de har skjedd?
– Me trur at den langvarige isen som låg på fjorden i år, har gjort at isen har skura steinen langs strendene heilt reine og at desse steinane i utgangspunktet var kvite, før grønske og gro dekte dei til i heilt andre fargar. Og at dei nå er tilbake i sin opphavelege tilstand.
Fleire observasjonar
Men einingsleiaren understrekar at dei ikkje har eit svar med to strekar under ennå. Dei vil sjekka dette vidare.
Kan det vera nokon av HA-lesarane som har forklaringa? Send oss mail på tips@h-avis.no.
Dei nye strendene med kvit stein skal ha blitt observert fleire stader langs Skjoldafjorden.
Haugesunds Avis har vore i kontakt med ein lesar som høyrde forbi Våg onsdag. Han seier han observerte dei same kvitfarga steinane langs stranda der og, men lesaren trur det kan vera «noko biologisk».
Lesaren seier han skrapa av eit belegg av ein stein, og belegget lukta ikkje. Mannen trur ikkje det er is som har blankskura steinane.
Videokarusell
Dette seier forskaren
Torsdag ettermiddag får Haugesunds Avis litt hjelp av forskar Lars Johan Naustvoll sjå Havforskningsinstituttet.
– Om eg tolkar biletet og informasjonen rett, er ikkje dette eit heilt uvanleg fenomen på våren langs kysten. Nokre gonger framstår det litt «prikkete» her og der, andre gonger ser me dette som nokre breiare og tjukkare kvite område, seier han.
Så, kva kallast fenomenet?
– Det de observerer er nok berre makroalger som har vokst heilt opp i vannskillet i løpet av vinteren. Når me så får periodar med lågvatn, gjerne i kombinasjon med varme og solskinn, vil algene dø og tørkje inn. Dei kvite områda er rett og slett daude, inntørkja makroalger, i all hovedsak. Desse flekkane vil forsvinne etter kvart, og prosessen vil gå raskare med storm og bølgjer, forklarer Naustvoll.