Herold

Bad om hjelp som 13-åring: Elisabeth vann i endometriosesak mot staten

Kilde: NRK Author: Anne Jo Lexander Published: 2026-04-30 14:06:20 Last updated: 2026-04-30 17:10:39
Bad om hjelp som 13-åring: Elisabeth vann i endometriosesak mot staten

Som 13-åring bad Elisabeth om hjelp for kraftige smerter. Nå har retten igjen slått fast at helsehjelpa ho fekk svikta, og staten blir dømt til å betale erstatning.

Saka samanfatta:

  • Elisabeth Raasholm Larby fekk medhald i ankesaka mot staten om mangelfull behandling av endometriose.
  • Lagmannsretten stadfesta Larby sin rett til erstatning for forsinka og mangelfull diagnostisering og behandling.
  • Staten ved Pasientskadenemnda må betale sakskostnader på nesten 730.000 kroner.
  • Dommen sender ei viktig melding om pasientrettar og tryggleik i helsetenesta.
  • Larby oppmodar andre i liknande situasjonar til å rådføre seg med advokat tidleg i prosessen.

– Eg blei sjølvsagt veldig glad, men mest av alt letta. Det har vore tøft å vere igjennom desse rundane i retten. Sjølv om eg tydeleg har kjent kva som er rett og gale, så er ein spent på korleis dommarane tolkar det.

Det seier Elisabeth Raasholm Larby (38), etter at Eidsivating lagmannsrett gjorde det klart at ho har rett på erstatning frå staten for forseinka og mangelfull diagnostisering og behandling.

Det skjer etter at lagmannsretten forkasta anken frå staten frå tingretten. Der vann Larby fram med si sak, da retten meinte det låg føre svikt i endometriosebehandlinga ho fekk som ungdom.

Staten ved Pasientskadenemnda må samtidig betale sakskostnader på nesten 730.000 kroner.

Avdelingsdirektør for prosedyreavdelinga i Nasjonalt klageorgan for helsetenesta, Hilde Ruus, opplyser at dei ikkje har bestemt seg endå for om dommen skal ankast.

– Lagmannsretten er delvis samd i vurderinga til staten av saka. Staten fekk medhald i at det ikkje var svikt i behandlinga hos ein av fastlegane, og at det ikkje skulle vore teke MR eller gjennomført poliklinisk undersøking før operasjonen i 2016.

– Historisk

Allereie som 13-åring gjekk Raasholm Larby til legen for å få hjelp med kraftige menstruasjonssmerter og andre relaterte plager.

Først 14 år seinare blei ho tilvist til gynekolog, men heller ikkje da fekk ho tilstrekkeleg hjelp, ifølge dommen frå tingretten. Sjølv om det same året blei gjort eit inngrep av sjukehuset, fann ikkje sjukehuset teikn på djup endometriose.

Det var først året etter at Larby fekk påvist alvorleg endometriosesjukdom. Sjølv om denne utvikla seg raskt, meiner lagmannsretten at det låg føre svikt i helsehjelpa Larby fekk av sjukehuset under inngrepet.

Lagmannsretten har kommet til at Larby skulle vært henvist til gynekolog senest sommeren 2006. Hun ble først henvist ti år senere, i juni 2016.

Eidsivating lagmannsrett

Hadde Larby blitt vist til gynekolog allereie som 19-åring i 2006, meiner lagmannsretten det er sannsynleg at ho hadde fått diagnosen (overflatisk) endometriose.

Kan ankast

Da det blei klart at staten hadde tapt i tingretten, kom det ikkje som noka overrasking på Larby at det blei ein ny runde i retten.

– Eg trudde ikkje det var over i tingretten. Eg var førebudd på at staten skulle anke, seier ho.

Sjølv om dommen framleis kan ankast til Høgsterett, håpar ho punktum nå er sett i saka.

– Skulle dei anke, så håpar eg at Høgsterett ikkje tar inn saka.

Endometriose er ein ganske vanleg sjukdom blant kvinner.

Til andre som har tenkt å ta opp kampen for erstatning for feil i helsetenesta dei har blitt utsette for, har ho ei klar oppfordring:

– Eg ville veldig tidleg rådført meg med ein advokat. Eg har hatt veldig god støtte med advokatane mine, som heile vegen har vore ærlege med meg, seier ho, og legg til:

– Ein må vere førebudd på at absolutt alt kan bli dratt fram frå journalen, også ting som er heilt irrelevant.

Trygt

Raasholm Larby er nå dagleg leiar i Endometrioseforeningen etter mange års erfaring med sjukdommen.

Ho fortel at saka har styrkt kampen hennar for å betre pasientars rettstryggleik, og gjort henne enda meir bevisst kor viktig det er å kjempe for pasientsikkerheita.

Styreleiar i foreininga, Marte Øien, meiner dommen sender «ein trygg beskjed til alle pasientar i landet».

– Du skal ikkje få så mangelfull helsehjelp som Elisabeth opplevde, og deretter bli straffa fordi legen heller ikkje har journalført godt nok, seier Øien i ein kommentar til dommen.

Styreleiar i Endometrioseforeningen, Marte Øien.

🏷️ Extracted Entities (12)

Elisabeth Raasholm Larby (person) Helse 📁 (category) Innlandet 📁 (category) Marte Øien (person) Norge 📁 (category) Endometrioseforeningen (entity) Høgsterett (entity) Pasientskadenemnda (entity) Eidsivating (entity) Hilde Ruus (person) MR (entity) Nasjonalt (entity)

📊 Metadata

Category: Innlandet, Norge, Helse
OpenGraph Title: Fullt medhald for Elisabeth Larby i endometriosesak mot staten
Twitter Title: Fullt medhald for Elisabeth Larby i endometriosesak mot staten