Herold

Å fjerne desse symbola støttar læraren sitt arbeid

Plus
Kilde: Romsdals Budstikke Author: Styret i Møre og Romsdal Lektorlag, ved styreleiar Stine Skarshaug Published: 2025-12-05 20:08:14
Å fjerne desse symbola støttar læraren sitt arbeid

Møre og Romsdal Lektorlag støttar eit generelt forbod mot russegenserar som markerer lukka gruppetilhøyrsle. Eit slikt forbod er nødvendig for å oppfylle Opplæringslova sine krav om eit trygt og inkluderande skulemiljø, og for å sikre fokus på skulen sitt kjerneoppdrag: undervisning.

Russegenserar i vidaregåande skule

Styret i Møre og Romsdal Lektorlag, ved styreleiar Stine Skarshaug

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Saka om russegenserar i skulen er igjen oppe til debatt, og endeleg vedtak skal fattast i fylkestinget 9. desember. Hovudargumentet vårt for å fjerne russegenserar med gruppenamn eller logo er knytt til elevane sin lovfesta rett til eit trygt og godt skulemiljø.

Opplæringslova § 12-2 slår fast at alle elevar har rett til eit miljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Opplæringa skal aktivt motarbeide alle formar for diskriminering, og skulen har eit lovpålagt ansvar om nulltoleranse overfor krenkjande oppførsel, inkludert mobbing, diskriminering og trakassering.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) har uttalt at ho forventar at skuler innfører reglar for å avgrense ekskluderande gruppeklede dersom desse bidreg til eit dårlegare skulemiljø. Ekskluderande symbol – spesielt dersom dei har diskriminerande eller hatefulle ytringar som kan vere i strid med Straffeloven § 185 – skapar barrierar for det psykososiale miljøet.

Enkelte av bileta som vert brukt på genserar med gruppetilhøyrsle vil av dei fleste verte tolka som diskriminerande og/eller hatefulle. Eit generelt forbod mot synleg gruppetilhøyrsle i skulen er eit førebyggande tiltak som set lovkravet om eit trygt miljø over enkelte politikarar sine argument om ytringsfridom knytt til symbolske plagg.

Det har allereie vorte gjort ei vurdering av lovlegheita til liknande vedtak om forbod i Innlandet, der fylkestinget sitt vedtak vart ståande. For å motverke eventuell usynleg ekskludering, kan skulen bidra med å sleppe russen til med inkluderande arrangement, og kanskje skulegenserar for avgangselevar som promoterer inkludering i skulegruppa. VG3-elevane er avgangselevar ved enkeltskular i Møre og Romsdal fylkeskommune – det er ei mykje meir heilskapleg gruppe å vere ein del av.

Vi meiner at fellesskapet i skulen skal sikrast gjennom fag og undervisning. Russegenserar, som i stor grad symboliserer sosialt hierarki og ekskludering, flyttar fokuset vekk frå skulen sine kjerneoppgåver: undervising og læringsmiljøet i klasserommet.

Å fjerne desse symbola støttar læraren sitt arbeid med å bygge gode klassemiljø og målbevisst arbeid med elevane sine haldningar, ettersom det viktigaste arbeidet for eit godt psykososialt miljø skjer i klasserommet. For å oppnå dette, må fylkeskommunen (som skuleeigar) sørgje for tydelege skulereglar på tvers av alle vidaregåande skular.

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg
Keywords: Meninger, Leserinnlegg