Herold

Kven taper på Statnett si avgjerd - og kven skal få kraft?

Kilde: Nordnorsk debatt Author: Pål Julius Skogholt, SV, Tromsø Published: 2026-04-30 10:42:06
Kven taper på Statnett si avgjerd - og kven skal få kraft?

Krypto- og datasenter har ikkje bygd landet før, og vil ikkje gjøre det i fremtida.Problemet er ikkje Statnett. Det er eit system som bryr seg meir om å tene pengar enn å tene folk. Statnett si avgjerd om å ikkje tildele meir kraft til prosjekt over 5 MW er i utgangspunktet fornuftig, gitt straumsituasjonen i Nord-Noreg. Dei aller fleste næringsprosjekta i landsdelen har dessutan behov for mindre enn 5 MW.

For å fåein opplyst og konstruktiv debatt - og kunne arbeide målretta for å bygge ut både ny kraftproduksjon og nye kraftlinjer - er det viktig at vi har eit korrekt bilde av situasjonen. I kapasitetskøen i vårt område står det i dag prosjekt som til saman ønskjer i underkant av 1000 MW. Desse prosjekta får no i utgangspunktet ikkje tildelt kraft. Spørsmålet er derfor: Kven er det som står i denne køen?

Over halvpartenav kraftbehovet i kapasitetskøen kjem frå datasenter. Til saman ønskjer datasenter 517 MW. Til samanlikning står tradisjonell industri i kø for 72 MW, medan oppdrettsnæringa har søkt om 48 MW. Hydrogenproduksjon utgjer 277 MW.

Kort oppsummerter det i hovudsak to typar prosjekt som taper på Statnett si avgjerd: datasenter og prosjekt som vil bruke store mengder straum til hydrogenproduksjon. Ein kan meine mykje om desse prosjekta, men dei gir ikkje grunnlag for dei katastrofeoverskriftene vi har sett den siste veka.

Det er òg viktig å merke seg at prosjekt som allereie har fått reservert kraft, får behalde denne. Det er i dag reservert meir enn 1000 MW kraft. Dei største enkeltprosjekta er elektrifiseringa av Melkøya med 350 MW og Nsync sitt datasenter i Bjerkvik med 230 MW. I tillegg er 122 MW reservert til industri, 59 MW til oppdrettsnæringa og 195 MW til hydrogenproduksjon.

Dette reiserto store og viktige spørsmål. Det første er kanskje det viktigaste: Korleis skal vi avgjere kven som får tilgang til kraft? I dag blir denne avgjerda fatta av byråkratiet, basert på to kriterium: Når søkte du om kraft, og er prosjektet modent eller ikkje. Det blir ikkje gjort vurderingar av verdiskaping, talet på arbeidsplassar eller lokale ringverknader. Etter mi meining er dette ein absurd måte å forvalte ein så avgrensa og verdifull ressurs på.

Så lenge tilgangen på kraft er avgrensa, må vi legge eit breitt samfunnsperspektiv til grunn for kva vi brukar krafta vår til. Det meiner eg krev demokratisk styring. Om det er fylkesting, regjering eller kommunane som får denne rolla, er mindre viktig enn at prioriteringane skjer på eit politisk og ope grunnlag. Kanskje bør fylkestinga vedta relativt detaljerte prioriteringsplanar, medan Statnett framleis står for den formelle tildelinga? Uansett er det openbert at dagens ordning ikkje er god nok.

Det kan verefornuftig med eitt og anna datasenter og sjølvsagt treng vi og å produsere noko hydrogen, men eg meiner at vi må prioritere tradisjonell industri langt høgare enn både datasenter og hydrogenproduksjon. Det er sjølvsagt mogleg å vere ueinig i dette. Nettopp difor burde slike prioriteringar vere underlagt demokratisk kontroll, slik at veljarane kan påverke retninga gjennom val.

Det andre storespørsmålet er dette: Dersom vi ikkje er villige til å prioritere kven som får kraft, prioriterer vi i realiteten å bygge ned meir natur. Alternativet til å fordele krafta betre er ei omfattande nedbygging av nordnorsk natur for å skaffe meir energi.

Ja, vi må bygge fleire kraftlinjer. Ja, vi må truleg også bygge noko meir kraftproduksjon. Men det kan ikkje vere meininga at nordnorsk natur skal ofrast for eit uavgrensa tal datasenter og hydrogenfabrikkar.

🏷️ Extracted Entities (6)

Statnett (entity) MW (entity) Bjerkvik (place) Melkøya (entity) Nord-Noreg (entity) Nsync (entity)