Herold

– Me ser med uro på folk som ber med seg knivar

Kilde: Hordaland Author: Marita Saue Skjoldli Published: 2026-04-30 08:24:33
– Me ser med uro på folk som ber med seg knivar

Men politiet meiner dette ikkje er ein ny trend.

Onsdag kveld vart det utløyst væpna aksjon i Strandavegen på Voss.

Meldingane som kom inn til politiet gjekk på at ein tilsynelatande rusa mann vifta med ein kniv.

Åtte minutt etter at politiet fekk melding, fekk dei kontroll på mannen.

– Då vart det konstatert at det var ei saks, ikkje ein kniv. Han skal ikkje ha truga andre personar, men me forstår at det kan ha blitt oppfatta som trugande, seier Bjørn Inge Aarsand hjå Voss politistasjon.

Smartembed for https://www.avisa-hordaland.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=442470

Under ransaking av mannen i 30-åra, fann politiet ein lommekniv og ein «Rambokniv».

– Me ser med uro på at folk utan det som heiter mål og meining til dømes går med knivar i ryggsekken og ber det med seg, seier Aarsand.

Ikkje ny trend

Dei siste vekene har det vore fleire hendingar, der kniv har vore involvert.

Politiet avviser likevel at dette er ein ny trend.

– Me har forståing for at det kan framstå dramatisk og utrygt, men me vil ikkje seia at det er ein del av ein trend, seier Aarsand.

Han minner om at dersom ein ser slike ting, så må ein ringa politiet og trekka seg vekk.

– Ikkje konfronter.

Etterforskar saka

Det var forbipasserande som melde frå om hendinga.

Etter at politiet fekk kontroll på mannen, vart han bortvist frå sentrum.

– No etterforskar politiet saka vidare, og så får me sjå om me får svar på kvifor han bar med seg knivane og saksa, avsluttar Aarsand.

Mannen er meld for bæring av kniv på offentleg stad.

Smartembed for https://services.api.no/api/componenthub/v1/dashboard?component=reels-carousel_reelsCarousel&publication=www.avisa-hordaland.no&tag=reel&title=Har+du+f%C3%A5tt+med+deg+desse%3F&limit=20&source=www.avisa-hordaland.no

🏷️ Extracted Entities (4)

Bjørn Inge Aarsand (person) Voss (entity) Rambokniv (entity) Strandavegen (entity)