Snart K5-oppstart: Seks rundkøyringar skal opp mellom Trengereid og Stanghelle
Noregs største samferdselsprosjekt vert sparka i gang etter sommarferien.
Til hausten går fyrste spaden i jorda for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle.
Fyrste byggjetrinn omfattar bygging av anleggstunellar og fleire store rundkøyringar på E16 for å handtera all tungtrafikk som kjem.
Stein frå driving av anleggstunellane må transporterast på E16 fram til sjaktene ned i Sørfjorden er ferdig bygde.
– Det skal opp seks nye rundkøyringar mellom Romslo og Dale. Desse skal opp i Dalehagen, ved Gamle Fossen og ved Langhelleneset mellom Dale og Vaksdal, ei ved Rødberg før Trengereid og to rundkøyringar ved Romslo, seier prosjektsjef for Fellesprosjektet Arna–Stanghelle, Katrine Sælensminde Erstad.
Katrine Sælensminde Erstad
K5
Vil påverka trafikken
Dei nye rundkøyringane skal etter planen vera på plass i løpet av det neste året.
– Dette vil medføra ein god del arbeid på denne strekkja, men det er no i byggjetrinn 1 at det vil råka trafikantane mest. Etter dette året, og når rundkøyringane er på plass, vil det meste av arbeidet føregå inne i anleggstunellane, seier Erstad.
– Kor lenge må trafikantane venta?
– Det er vanskeleg å seia no, sidan det enno ikkje er landa kontraktar med entreprenørar. Her er anbodsprosessen i gang, og det vil verta ein hovudentreprenør som skal ha ansvaret for desse rundkøyringane.
Det er mykje som ikkje er planlagd i detalj enno, men dei har likevel ei viss oversikt over korleis anleggsarbeidet vil påverka trafikken.
– Trafikken på E16 er venta å gå tilnærma som normalt fram mot hausten, då den fyrste tunellentreprisen startar med etablering av anleggstunellar. Generelt vert det lagt opp til å stengja eitt felt, og ha kolonnekøyring forbi anleggsområdet. I tillegg blir vegen stengd i korte periodar på inntil 30 minutt i samband med sprenging og sikring.
Parallelt med dette arbeidet, skal det også opp ein ny kontroll- og vektplass langs E16 ved Furnestreet.
Denne stasjonen skal erstatta dagens kontrollplass på Romslo, som vert fasa ut i arbeidet med rundkøyringane.
Det skal også opp eit nytt riggareal i Arna, mellom anna.
Fleire lokale entreprenørar
Ein av entreprenørane som har landa kontrakt med Vegvesenet, er vossaselskapet Hirth Himle AS.
Dei held for tida på med tilrettelegging av landsdeponi i Dalehagen i Vaksdal kommune.
– Kontrakten omfattar fjerning av vegetasjon, matjord og lausmassar på Dalehagen. Arbeidet omfattar òg transport av matjord frå Dalehagen og etablering av nye dyrkingsareal på Dale, opplyser Statens vegvesen.
Dette arbeidet starta no i vår, og vil halda fram til rundt september.
Dei siste månadane har det blitt halde fire folkemøte, både i Arna, på Trengereid, Vaksdal og seinast denne veka på Stanghelle.
– Her har det vore full sal alle stadene, og mange er engasjerte og nyfikne på arbeidet. Mange har spørsmål knytt til reiseveg, støy og støv, og dette kan ein lesa meir om på heimesidene våre. Me er opptekne av å lytta til innbyggjarane og ha ein open dialog, seier Erstad.
Lang veg mot målet
Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er det største samferdselsprosjektet og tunnelprosjektet i Noreg gjennom tidene.
Og no startar altså arbeidet for alvor.
– Det har blitt snakka om tryggare veg og bane i mange tiår no. Kva tenkjer du om at arbeidet no er i gang?
– Det er jo utruleg kjekt at ein endeleg er i gang. Det vert ein del arbeid no framover, men gevinsten er trygg og raskare veg. Og det er me alle tente med, seier Erstad.
Slik presenterer Statens vegvesen sjølv prosjektet:
Smartembed for https://youtu.be/UihhKLaoCd0
Ny E16 og dobbeltspora jernbane mellom Arna og Stanghelle/Helle kan opna seinast i 2039, ifylgje Fellesprosjektet si nettside.
Den omdiskuterte rapporten: No får politikarane fyrste sak på bordet
Har starta unikt selskap i bygda: – Såg eit uforløyst potensial