Klare for markering: – Det skal skjerast ned på alle baugar og kantar
- mai-komiteen byr på noko heilt nytt under årets markering.
– Det er mange som seier dei ikkje er interesserte i politikk. Ikkje det nei? Men politikk er jo det som styrer alt, og om ein ikkje har politikarar, kven skal då styra? Då vert det iallfall krig. Ein må engasjera seg i politikken.
Det seier komiteleiar Kirsten Øvrebø medan me tek ein prat med ho om 1. mai.
BIO: Kirsten Øvrebø
Ho og resten av komiteen er klare for årets feiring.
Dei har gjort nokre justeringar frå korleis programmet plar vera, men elles er det mykje å kjenna att.
Kuttar talar ved kransinga
Dagen byrjar med Voss skulemusikk som spelar på både Voss sjukeheim og på Vetleflaten.
– Det er ein tradisjon me har hatt i årevis. Det er veldig kjekt, og noko både tilsette, brukarar og pårørande set stor pris på.
Vidare vert det kransing av minnesmerke på russargrava og ved kyrkja for dei som omkom under krigen.
– Tidlegare er det nokon som har halde ein liten tale under kransinga. Men dei som har vore der dei siste åra er 1. mai-nemnda, så no gjer me berre enkelt kransinga utan tale.
Ho seier det er nokre som reagerer på at ein kransar på ei russargrav i desse tider.
– Desse som er gravlagde her er krigsfangar, som var i fangeleir på Voss. Dei fleste av dei kom faktisk frå Ukraina, så eg synest ikkje denne markeringa er noko rar.
Same hovudparole i år
Vidare er det på Torget det skjer.
Her vert det ansiktsmåling for born, musikk ved Niklas Kvåle Giljarhus.
Hovudparolen i år er «Ein dag å leva med, ei løn å leva av», den same som var i fjor.
– Kvifor det?
– Fordi det er like aktuelt i år som i fjor. Det skal skjerast ned på alle baugar og kantar, ikkje berre på Voss, men over heile landet.
I tillegg kjem også Senterpartiet, SV og Palestinakomiteen til å ha parolar under toget.
Etter toget har gått runden, vert det tale og appellar på Torget.
Hovudtalar vert June Trengereid Gruer.
Nytt på programmet
Det som vert heilt nytt under årets markering er at dei ynskjer å runda dagen av med 1. mai-pub på Stasjonen på Park Hotel.
– Ein startar tidleg, så kan ein også avslutta tidleg, seier Øvrebø muntert.
Det var fleire av partane som ytra eit ynske om at ein skulle gjera noko etterpå, og ikkje berre gå kvar sin veg etter markeringa på Torget.
– Me vurderte å kalla det politisk pub, men me vil ikkje at det skal høyra ekskluderande ut. I Bergen kallar dei det «rød pub», men det kan også verka ekskluderande.
På puben kan ein kjøpa seg både mat og drikke.
Så vert det mogleg litt diskusjonar.
– Ein kan løysa litt verdsproblem? Det vert iallfall sosialt, så får me sjå om dette vert ein ny tradisjon eller ikkje.
Fridag for arbeidaren
Nyleg ytra KrFU-leiar Ingrid Olina Hovland at ho meiner at 1. mai bør fjernast som fridag, at det er vorte ein «partipolitisk markering, snarare enn ein folkebevegelse».
– Eg synest det er arbeidaren sin internasjonale fridag, seier Øvrebø, og legg til:
– Eg skulle ynskt at dei som er fagorganiserte hadde vore flinkare til å stilla opp, og ikkje berre ta det som ein sjølvfylgje at fagforeiningane deira skal fiksa alt.
Ho peikar på at dei politiske partia er flinke til å møta opp.
– Hovland kritiserer jo at det stort sett er politiske parti som er engasjerte. Men dei er jo velkomne, dei er jo arbeidarar dei også. Fagforeininga får ikkje kjempa fram saker utan å få med seg politikarar.
Sjølv har ho lenge vore medlem i Fagforbundet på Voss, og sete i styret i 12 år. Ho meiner arbeidarane har mykje å takka fagrørsla for.
– Hadde me ikkje hatt ho, hadde me då hatt ferie? Sjukepengar? Kunne ein vore sjukmeld? Alle dei goda me har er kjempa fram av fagrørsla.
Dei som ikkje er medlem i fagforeiningar kallar ho for gratispassasjerar.
– Ja, det gjer eg. Dei er ikkje med og betalar som medlemmer, men nyt godt av goda fagrørsla har kjempa fram. Det synest eg er urettvist.
Programmet for dagen på Voss
Programmet for dagen på Vaksdal