Innsparing eller utgifter?
Som fagutdanna tilsette ved kjøkkenet i Granvin ynskjer me å belysa viktige fakta og faglege omsyn som ikkje kjem fram i PwC-rapporten. Me støttar målet om ein berekraftig kommuneøkonomi, men meiner at forslaget om å leggja ned produksjonen i Granvin byggjer på føresetnader som ikkje stemmer i praksis. 1. Ingen reell lønnsinnsparing på kort eller mellomlang sikt Rapporten skisserer ei innsparing på 2,2 millionar kroner i lønnsutgifter. Administrasjonen har vore tydeleg på at ingen skal seiast opp, men omstillast. • Ingen av oss som er tilsette i Granvin er i pensjonsalder eller har planar om å slutta i heradet. • Sidan me skal halda fram i jobb, vil lønnskostnadene på 2,2 millionar bli med oss vidare. Rekneskapen går difor i null – kommunen sparar ikkje desse kronene så lenge me er tilsette. 2. Fagleg kvalitet, ernæring og matglede Kjøkkenet i Granvin er ein garantist for god ernæring og trivsel for dei eldre. Ei sentralisering vil svekkja tilbodet på fleire punkt: • Lite matsvinn: Ved å produsera maten lokalt har me full kontroll på porsjonar og behov. Me ser kva som blir ete og justerer dagleg. • Fullkost til heimebuande: Mange eldre i Mælandshagen får i dag fullkost levert direkte frå oss. Dette er eit førebyggjande helsetiltak som gjer at folk kan bu lenger heime. Nærleiken gjer det enkelt å tilpassa spesialkost og individuelle behov. • Næringsverdi og ferskheit: Me lagar alle dagens måltid her, 365 dagar i året. Nykokt mat servert direkte har ein heilt annan næringsverdi og smak enn mat som er nedkjølt, frakta og varma opp att. • Mat som omsorg: Kjøkkenet i Granvin er ein integrert del av omsorgsmiljøet. Me er fagfolk som ser brukarane, og den tette dialogen mellom kjøkken og pleie sikrar at ernæringsbehov blir fanga opp tidlig. • Matglede og kampen mot underernæring: Me er stolte av produksjonskjøkkenet vårt. Underernæring er ei av dei største helseutfordringane blant eldre. Hjå oss er nærleiken til kjøkkenet vårt viktigaste verktøy; lukta av nylaga mat vekkjer matlyst, og me kan gjera raske, individuelle tilpassingar. God ernæring er god helseøkonomi – det førebyggjer fall, gir betre sårheling og færre sjukehusinnleggingar. Dette tilbodet forsvinn ved sentralisering. 3. Flytting av kostnad – ikkje fjerning Ei nedlegging i Granvin vil i realiteten berre føra til ein omfattande og uroleg flytteprosess av personell, utan at den totale lønnskostnaden til Voss herad går ned. I tillegg kjem kostnader til logistikk og transport. Vårt spørsmål til dykk politikarar: Er det formålstenleg å gjennomføra ei nedlegging som skaper stor uvisse for erfarne fagfolk og svekkjer det lokale ernæringstilbodet, når den økonomiske gevinsten er fråverande så lenge lovnaden om «ingen oppseiingar» vert følgd?
Den omdisktuerte rapporten: No får politikarane fyrste sak på bordet
Verdig alderdom i Voss Herad?
Uttalelse om PwC-rapporten og fremtiden for omsorgen lokalt
Så mykje betalte Voss herad for PwC-rapporten: – Forstår det er reaksjonar