Ikkje Glopperock i år
Plus
Den tradisjonsrike musikkfestivalen Glopperock blir ikkje noko av denne sommaren, opplyser Gloppen Musikkforum i ei pressemelding.
Avgjerda kjem etter fleire vurderingar, der arrangøren ikkje har klart å sikre ein eigna stad for gjennomføring av festivalen i år.
Idrettsplassen på Sandane er under renovasjon, Heradsplassen vart ikkje aktuell og Musea i Sogn og Fjordane har avslått søknaden om å bruke den tradisjonsrike festplassen Jølet. Ifølgje arrangøren har dei leita etter andre alternativ utan å lukkast, og peikar på at dei treng gode rammer for å kunne sikre kvalitet for publikum, artistar og frivillige.
– Vi manglar det aller viktigaste for å gjennomføre Glopperock, nemleg ein stad å vere, står det i pressemeldinga.
Arrangøren skriv at dei vil vente med å gjennomføre ei redusert utgåve av festivalen. Planen er å rette blikket mot 2027, med mål om å få på plass føresetnader som gjer det mogleg å vidareføre den over 46 år lange festivaltradisjonen.
Svinga seg i Fosshalla. Lærte kunsten å danse pols
301 deltok på UKM: – Har fått mange nye venner
350 kjøpte først billettar, deretter 20. Begge stader vart minnekonserten avlyst