Emilie Nicolas om Karpe: Dei tenker større enn dei fleste
Artistkollegaer synest det er trist at Karpe gir seg i 2028. – Dei har vore unike i norsk rap, seier artisten Cely som rappar på ein av dei nye låtane som kom natt til onsdag.
Karpe annonserte tysdag at dei ville legge opp. Frå hausten legg dei ut på ein aller siste turne, som blir avslutta i 2028. Etter det er det slutt.
Dette er Karpe
- Starta i 2000 som Karpe Diem for å delta i Ungdommens kulturmønstring. Består av Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid og Chirag Rashmikant Patel.
- Forkorta bandnamnet til Karpe i 2018.
- Debuterte med EP-en «Glasskår» i 2004.
- Gjennombrotet kom i 2010 med det tredje albumet «Aldri solgt en løgn», som var det første norskspråklege albumet som har toppa VG-lista.
- Heilt sidan starten har tekstane til Karpe vore prega deira politiske ståstad, og erfaringane dei har gjort seg med å vekse opp med ein fleirkulturell bakgrunn.
- Karpe blei etter kvart kjent for store show.
- Selde ut ti fulle Oslo Spektrum i 2021
- I august 2026 lagar dei ein eigen festival på Ekebergsletta i Oslo, «Karpeworld».
- Hausten 2026 startar avskjedsturneen, som blir avslutta i 2028.
Gruppa har vore viktig på fleire frontar. Dei har vore med i norsk rap frå det var eit fenomen på guterommet til å bli ein dominerande sjanger. I tillegg har dei vist kor langt det er mogeleg å nå som norskspråkleg musikk, seier programleiar og musikkmeldar Sandeep Singh i NRK.
– Dei har fått artistar til å drøyme større ved å fylle Oslo Spektrum fleire gongar og vere ambisiøse med tanke på det visuelle i musikken.
I tillegg har dei vore viktige for fleirkulturelle nordmenn.
– Dei har pusha definisjonen for kva det vil seie å vere ein nordmann i mange år. Dei har bidrege til at det norske samfunnet har blitt meir nyansert i kva det vil seie å vere norsk.
Karpes diskografi
- Glasskår (EP) (2004)
- Rett fra hjertet (2006)
- Fire vegger (2008)
- Aldri solgt en løgn (2010)
- Kors på halsen, ti kniver i hjertet, mor og far i døden (2012)
- Heisann Montebello (2016)
- MARS (EP med Arif og Unge Ferrari) (2018)
- SAS PLUS/SAS PUSSY (EP) (2019)
- Omar Sheriff (2022)
- OVERTIME/OVERKILL VOL. 1, 2, 3 og 7 (2026)
Tenker stort
Karpe har samarbeidd med ei rekke artistar opp gjennom åra.
Blant dei som har arbeidd med gruppa både i studio og live er Emilie Nicolas. Ho har sett pris på å få samarbeide med duoen.
– Eg synest det blir for min eigen del. Det har vore utruleg gøy å få vere med på alt dei har gjort. Dei gjer store ting som ingen andre gjer, og som eg ikkje kjem til å tore å gjere sjølv, eller få til sjølv.
Emilie Nicolas har samarbeidd med Karpe ved fleire anledningar.
Karpe har blitt kjent for store show med dansarar, lyseffektar og gjesteartistar. I 2022 fylte dei Oslo Spektrum ti gongar på ein månad. I juli opnar «Karpeworld», ein tre dagar lang festival på Ekebergsletta. Før avskjedsturneen startar til hausten.
– Dei tenker større enn eg trur dei fleste andre tenker. Dei tør å gønne på. Eg kjenner meg veldig heldig som får vere med på dette.
– Skal du delta på avskjedsturneen til hausten?
– Eg veit ikkje om eg tør å svare på det spørsmålet. Det er sikkert hemmeleg. Det er sikkert 100 prosent hemmeleg, seier Nicolas.
Då Karpe fylte Oslo Spektrum, var ein stor hai ein del av showet.
Deltok på ny låt
På vegen mot «Karpeworld» og avskjedsturne, kom Karpe med 62 låtar med blant anna arkivmateriale som ikkje har vore utgjeve før, demoar og nye låtar.
Karpe har opp gjennom åra gjeve plass til nye artistar i etableringsfasen. På ei av låtane som kom natt til onsdag, «pasta», er rapparen Maria Paola Mora Cely, som har artistnamnet Cely.
– Det er ganske sjukt. Eg fekk vite det for to veker sidan.
Cely på gul løpar før P3 Gull 2025.
Ho fortel at ho blei kontakta for to år sidan og fekk spørsmål om å ville bli med i studio med Karpe i Barcelona. Ho trudde først at det var tull. Ho har vore Karpe-fan sidan ho var eit barn, men ho takka til slutt ja.
– Det var insane. Men det skjedde så kjapt. Etterpå tenkte eg at eg hadde føkka det opp. Eg tenkte eg ikkje gjorde det så bra, for det blei jo ikkje noko av før no. Det har gått to år.
Men det at forbilda snart skal gi seg, synest ho er trist.
– Det er ein tragedie. Men eg forstår det. Det låg nok i korta. Men det er skikkeleg trist.
Ho trur det blir vanskeleg å finne nokon som kan fylle tomrommet Karpe etterlet seg i norsk musikk når dei gir seg.
– Dei har vore unike i norsk rap. Eg trur ikkje at det er ein enkeltperson som kan erstatte dei. Men kanskje var det det dei prøvde å gjere med «pasta»? Vi var ni artistar som gjesta på den låta. Eg likar å tru, sjølv om det kanskje er litt narsissistisk, at dei prøver å gi stafettpinnen litt vidare, då.