Nye bilete frå privat øy gir unikt innblikk i livet til Jeffrey Epstein
Fleire soverom, eit gigantisk dusjrom og det som ser ut som eit rom hjå ein tannklinikk, er blant det ein kan sjå.
Les også
Senatet i USA godkjenner frigivelse av Epstein-dokumenter: Dette må du vite om saken
Mykje press om offentleggjering
Fakta om Epstein-saken
Trump snudde
Onsdag vart det offentleggjort nye bilete frå den private øya til Jeffrey Epstein.
Forretningsmannen hadde i fleire år ei høg stjerne, og var kjent som ein mann med mange og mektige vener. Det snudde då han i 2005 vart dømd til fengsel i 18 månader for å ha kjøpt seksuelle tenester frå mindreårige.
Han erkjente straffskuld for sexkjøp, men sa at han trudde jentene var myndige.
Seinare vart han òg tiltalt for menneskehandel av mindreårige, men erklærte seg ikkje skuldig.
Ein av stadene han vart skulda for å ha forgripe seg på unge jenter, var på ei privat øy i Karibia.
Dei nye bileta gir eit nytt innblikk i korleis livet kan ha vore på denne øya.
Det er dei demokratiske medlemmane av tilsynskomiteen som har offentleggjort bileta.
I eit av romma stod noko som ser ut som ein tannlegestol. Legg òg merke til dei spesielle maskene på veggane.
Styresmaktene på Dei amerikanske Jomfruøyene tok bileta i 2020, skriv The Guardian.
Det var året etter at Epstein vart funnen død i fengselet medan han venta på å verta stilt for retten for menneskehandel. Dødsfallet vart rekna som eit sjølvmord.
Epstein eigde to små øyer i Dei amerikanske Jomfruøyene i Karibia.
Ei av dei var Little St. James, som nokre lokale innbyggarar skal ha kalla «pedofili-øya», skriv The Guardian.
Eit av bileta offentleggjort onsdag er av eit svært dusjrom.
Det har vore mykje press mot styresmaktene om å offentleggjera informasjon om Epstein-saka.
Kanskje spesielt på grunn av koplinga til ein veldig kjent person: president Donald Trump.
Mars 2005: Politiet i Florida innleder etterforskning av Jeffrey Epstein etter at moren til en 14 år gammel jente anmelder ham for voldtekt av datteren.
*2006: *Politiet sikter Epstein for flere tilfeller av ulovlig seksuell omgang med mindreårige.
Juli 2009: Epstein løslates etter å ha sonet 13 måneder i fengsel i forbindelse med et forlik inngått året før.
* Mars 2011: *Virginia Giuffre går ut offentlig med sin historie om hvordan hun som 17-åring ble utsatt for seksuell menneskehandel. Hun møtte Epsteins partner Ghislaine Maxwell første gang mens hun jobbet på et spa eid av Donald Trump i Florida. Saken publiseres i Mail on Sunday og inkluderer et bilde av Giuffre sammen med prins Andrew.
*Juli 2019: *Jeffrey Epstein pågripes i New Jersey. Han blir tiltalt for å ha forgrepet seg seksuelt på flere titall mindreårige jenter mellom 2002 og 2005. Ifølge tiltalen skal Epstein ha rekruttert et stort nettverk av mindreårige ofre, enkelte så unge som 14 år.
*August 2019: *Epstein begår selvmord i fengselet.
*November 2021: *Rettssaken mot Ghislaine Maxwell starter i New York. Hun er tiltalt for å ha hjulpet Epstein med å rekruttere og misbruke unge jenter og kvinner.
Desember 2021: Maxwell blir kjent skyldig i fem av seks tiltalepunkter, blant annet for å ha rekruttert unge jenter som så ble utsatt for overgrep. I juni 2022 blir hun dømt til 20 års fengsel.
Jeffrey Epstein og Donald Trump tilhørte den samme omgangskretsen i Florida fra slutten av 1980-tallet til begynnelsen av 2000-tallet.
Kilde: NTB
Òg tidlegare president Bill Clinton og tidlegare prins Andrew – som mista prinsetittelen – har vorte knytte til den overgrepsdømde forretningsmannen.
Det er ikkje kjent kor mange – eller kva type – dokument det amerikanske justisdepartementet har om Epstein-saka. Men over 30.000 sider har tidlegare vorte offentleggjorde.
Donald Trump med kona Melania Trump poserer på eit bilete med Jeffrey Epstein og partnaren Ghislaine Maxwell.
Amerikanske styresmakter har òg tidlegare offentleggjort eit lydopptak med Ghislaine Maxwell, partnaren til Epstein. Ho vart i 2021 dømd til 20 års fengsel for medverking til overgrep.
Fleire trur at Epstein hadde ei liste over menn som hadde utført overgrep.
– Ei sånn liste har ikkje materialisert seg enno. Men det er gjerne ei slik type liste folk er på utkikk etter, har USA-ekspert Sofie Høgestøl tidlegare sagt til NRK.
Båe FBI og det amerikanske justisdepartementet avkrefta i sumar at ei slik liste finst.
Donald Trump har heile tida nekta for å vita noko om dei seksuelle overgrepa og menneskehandelen som Epstein vart skulda eller dømd for.
I valkampen lova han å offentleggjera Epstein-dokumenta, men det endra seg etter at han vart president. Då prøvde han å få støttespelarane sine til å fokusera på andre ting, noko som ikkje fell i god jord hjå alle.
I november snudde Trump og sa at han ville be Republikanarane om å stemma for å offentleggjera dokumenta.
Båe Representantanes Hus og Senatet enda med å stemma for.
Du trenger javascript for å spille av lydklippet «Urix».