Herold

SVs nestleiar Marian Hussein misnøgd etter budsjettenigheten

Kilde: NRK Author: Fathia Mahmoud Farah Published: 2025-12-03 20:09:14 Last updated: 2025-12-03 22:59:07
SV-nestleiar etter budsjettet: – Historia vil dømme Noreg

Under eid-feiringa i Tawfiiq Islamsk Senter, bad Hussein forsamlinga stemme SV for Palestina. No rettar ho kritikk mot regjeringa.

Kort oppsummert:

Mobiliserte sjølv i moské før valet

Palestinakomiteen: – Dei må vere ærlege

Leiar rosa budsjettet, nestleiar kritiserer det

Les også

Dette er statsbudsjettet for 2026

Stilte ultimatum

– Trur alle norsk-muslimar føler seg veldig lurte

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Natt til onsdag blei det einigheit om statsbudsjettet, denne gongen med fleirtal frå SV og MDG.

– Vi har med tungt hjarte landa eit statsbudsjett, seier Marian Hussein, nestleiar i SV, i ein video på Instagram.

Ho legg til:

– Vi har i fleire veker kjempa for å sikre at Statens pensjonsfond utland ikkje er investert i selskap som bidreg til folkerettsbrot.

Statens pensjonsfond utland, også kalla oljefondet, har investeringar i fleire israelske selskap.

Vidare seier Hussein at «Arbeidarpartiet valde å gjere opp etikken med Høgre og Frp».

– Ein dag kjem historia til å dømme Noreg.

Marian Hussein, nestleiar i SV.

Ho meiner at regjeringa valde å vere «ein profittør på folkerettsbrot, i ei tid der det gjekk føre seg eit folkemord».

Hussein ønsker ikkje å uttale seg til NRK.

Ho var sjølv til stades i Tawfiiq Islamsk Senter under eid-feiringa, nokre månader før valet.

Der oppmoda ho forsamlinga til å stemme SV, fordi partiet ville styrke arbeidet for Palestina og forsvare folkeretten.

NRK har spurt Hussein kva ho vil seie til veljarar som støtta partiet nettopp på grunn av denne bodskapen.

Ho har ikkje svart på dette.

Leiar i Palestinakomiteen, Line Khateeb, vil ikkje kommentere direkte på SV sin strategi.

– Dei må vere ærlege på kva dei kan få til og ikkje få til. Dei har prøvd, dei fekk ikkje gjennomslag, og det må dei svare for sjølve.

Line Khateeb, leiar i Palestinakomiteen.

Ho meiner ansvaret for at oljefondet framleis er investert i selskap knytte til folkerettsbrot i Gaza, fyrst og fremst ligg hos Arbeidarpartiet.

– Vi forventar at SV, Raudt og MDG held fram med å jobbe for Palestina.

– Vi gjekk inn i forhandlingane med krav om at sparepengane våre ikkje skal vere investerte i folkemord og okkupasjon, sa SV-leiar Kirsti Bergstø, då einigheita om budsjettet, blei presentert natt til onsdag.

Ho la til:

– Diverre er motstanden mot dette total i Arbeidarpartiet.

Samstundes rosar SV-leiaren den same budsjettavtalen, som nestleiaren kritiserer.

Leiar i SV, Kirsti Bergstø.

Under spørjetimen i Stortinget, omtala Bergstø einigheita som «verdas beste budsjett no er blitt endå betre».

NRK har spurt SV-leiaren om korleis ho forklarer gapet mellom si eiga ros av budsjettet og nestleiaren si kritikk.

Ho vil ikkje uttale seg.

Under valkampen stilte SV eit ultimatum til regjeringa.

Partiet kravde at oljefondet skulle selje seg ut av ei rekke selskap, som dei meiner bidreg til Israels folkerettsstridige krigføring på Gaza.

Kravet blei avvist av finansminister Jens Stoltenberg (Ap) under valkampen.

Etter valet gjekk Bergstø bort frå ultimatumet og gjekk inn i budsjettforhandlingane.

Ifølge fleire kjelder skapte det skuffelse internt i partiet.

Talsperson i Islamsk Råd Noreg, Mohammed Isak Abdullahi, meiner Palestina-saka var viktig for mange norsk-muslimske veljarar ved årets stortingsval.

– Eg trur nok at den norsk-muslimske befolkninga, som er ein betydeleg del, stemte på bakgrunn av det.

Han seier desse veljarane no kjenner seg lurte.

– Eg trur alle norsk-muslimar føler seg veldig lurte og skuffa over at raudgrønt fleirtal ikkje klarte å sikre god Palestina-politikk på statsbudsjettet.

Abdullahi meiner ansvaret ikkje ligg hos eitt parti åleine.

Talsperson i Islamsk Råd Noreg, Mohammed Isak Abdullahi.

– Det er løftebrot frå alle som påstår at dei har ein god politikk for Palestina.

Om Kirsti Bergstø si ros av budsjettet som «verdas beste budsjett no er blitt endå betre», seier han:

– Bergstø får svare for kor bra budsjettet har blitt. Vi er nok ikkje einige, for vi har ikkje fått noko gjennomslag.

📊 Metadata

Category: Statsbudsjettet 2026, Sosialistisk Venstreparti, Regjeringen Støre, Palestina
OpenGraph Title: SVs nestleiar Marian Hussein misnøgd etter budsjettenigheten
Twitter Title: SVs nestleiar Marian Hussein misnøgd etter budsjettenigheten