Herold

Miljøorganisasjonar: Seier ja til ny runde i retten etter nederlag om Førdefjorden

Kilde: NRK Author: Håvard Heggen Published: 2025-12-03 20:14:55 Last updated: 2025-12-04 08:34:23
Miljøorganisasjonar: Seier ja til ny runde i retten etter nederlag om Førdefjorden

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom ber om mellombels stans i gruveverksemda i Førdefjorden.

Saka oppsummert:

Les også

Sjødeponi i Førdefjorden får halde fram

Diskusjon om pengar

Tapte i tingretten

• Naturvernforbundet og Natur og Ungdom ankar dommen frå Sogn og Fjordane tingrett, som avviste kravet om midlertidig stans i arbeidet med gruvedeponiet Førdefjorden. • Borgarting lagmannsrett har tidlegare erklært statens løyve til sjødeponi ugyldig, men Regjeringa har anka saka til Høgsterett. • Tingretten meinte at gruvedeponiet ikkje vil føre til vesentleg skade på fjorden dei neste 6-12 månadene, noko miljøorganisasjonane er usamde i. • Organisasjonane må dekke 2,5 millionar kroner i sakskostnader frå tingretten, men har avgjort å anke trass i økonomisk risiko. • Miljøorganisasjonane intensiverer innsamlingsarbeidet for å finansiere ankesaka og få støtte frå ulike aktørar. • Nordic Mining meiner dei har lovleg utsleppsløyve og at saksøkarane bør rette krava mot staten, som har gitt løyvet.

Oppsummeringa er laga av ein KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRKs journalistar før publisering.

– Vi har stor tru på at vi skal vinne denne saka, slik at det blir forbod mot gruvedumping til saka er ferdig behandla, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.

Etter diskusjon i fleire timar på landsstyret onsdag kveld, landa miljøorganisasjonane på at dei ankar vedtaket i Sogn og Fjordane tingrett i november.

Kort historikk:

Fleire møtte fram under behandlinga av saka i Sogn og Fjordane tingrett, der miljøorganisasjonane tapte.

Sogn og Fjordane tingrett avviste kravet i november.

– Det er fleire openberre feil i dommen, og dei skyhøge sakskostnadene bryt med Århuskonvensjonen. Dette er ein dom som svekker naturens rettstryggleik fordi den legg lista for å ta miljøsaker til retten enda høgare. Ein slik dom kan ikkje bli ståande, seier Gulowsen.

Miljøorganisasjonane vart i førre runde dømde til å betale 2,5 millionar kroner i saksomkostninger i tingretten, noko som har tvinga dei til å vurdere saka grundig.

Landsstyret var likevel ikkje i tvil om at saka skulle ankast.

– Det er utruleg dyrt å ta denne kampen for Førdefjorden til retten, så vi tek ein stor risiko ved å gjere dette, seier Gulowsen.

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.

Organisasjonane trappar no opp innsatsen for å samle inn pengar og vil vende seg til ulike aktørar for å få støtte til å føre ankesaka.

– Lagmannsretten har slått fast at utslippstillatelsen til Nordic Mining er ugyldig. Da kan ikkje forurensningen halde fram, seier Sigrid Hoddevik Losnegård, leiar i Natur og Ungdom.

Avfallsmassar blir tømt til eit gruvedeponi på botn av Førdefjorden.

Dommen frå Sogn og Fjordane tingrett kom 10. november.

Retten la i sin dom vekt på at det «ikkje er sannsynleggjort» at gruvedeponiet vil gi vesentleg skade på fjorden i de neste 6–12 månadene.

Gruveselskapet sa undervegs i saka at dei har utsleppsløyve så lenge saka verserer i rettsapparatet, og at det einaste dei skuldar omgivnadene er å fortsette å drive med si 100 prosent lovlege verksemd.

Vidare gjorde dei eit poeng av at saksøkarane rettar bakar for smed:

Om saksøkarane har noko usagt, så må dei ta det opp med dei som har gitt løyvet (staten), og ikkje dei som har fått løyvet (gruveselskapet).

Striden om det skal vere sjødeponi i Førdefjorden har gått føre seg i mange år.

– Det avgjerande for retten er at framleis drift dei neste 6 til 12 månadane ikkje fører til vesentleg skade i fjorden. Dermed er det ikkje grunnlag for ein midlertidig stans, sa Karen Mellingen hos Regjeringsadvokaten, då saka vart behandla i Sogn og Fjordane tingrett.

Dette er miljøorganisasjonane sterkt usamde i, og ønsker å prøve for retten på nytt.

NRK har onsdag kveld forsøkt å få ein kommentar frå Engebø Rutile and Garnet, dotterselskapet til Nordic Mining. Så langt utan å lukkast.

📊 Metadata

Category: Natur, Gruvedrift i Norge