Fyll handlevogna: Så mykje ville maten ha kosta utan tilskot
Plus
Bakgrunnen for at bøndene begynte å få tilskot var å halda matprisane nede. Sjekk sjølv kor mykje handlekorga di ville kosta dersom tilskotet forsvann.
Fyll opp handlekorga lenger nede i saka, og sjekk kva maten ville kosta.
(Nationen): Fram til og med 1945 fekk ikkje norske bønder tilskot frå staten. Men på grunn av Koreakrigen steig prisane på tømmer og mat, spesielt korn. For å bøta på høge matprisar, kom Einar Gerhardsen og hans Ap-regjering i 1950 opp med ei løysing.
Han føreslo ein avtale, kalla hovudavtalen, som fastslår at årlege jordbruksoppgjer skal regulera bøndene sine inntektsmoglegheiter og arbeidsvilkår gjennom forhandlingar.
– Det var stor ueinigheit i Norges Bondelag om ein skulle gå med på det. Småbrukarlaget, som var dominert av Arbeidarpartiet, var med, og til slutt signerte også leiaren for Bondelaget. Mange skjønnar ikkje i dag at dette ikkje var eit initiativ frå bøndene eller Senterpartiet – tvert imot var det Ap-regjeringa som ynskte å halda matprisane stabile og nede i ei krisetid, fortel professor i bygdesosiologi og regionalpolitikk Reidar Almås.
Det er altså denne avtalen som gjer at bønder og staten framleis den dag i dag forhandlar om tilskot og andre vilkår ein gong i året.
Men kva hadde skjedd om me fjerna tilskotet? Sjekk sjølv, ved å fylla handlekorga (artikkelen held fram under):
Smartembed for https://nationenmedia.s3.eu-north-1.amazonaws.com/iframe/2025/Hva+koster+maten+egentlig%3F/index.html? height=1400
– Ville fått testa folk sin betalingsvilje
– På kort sikt ville prisane auka betrakteleg fordi bøndene måtte henta inn frå marknaden det dei ikkje lenger fekk frå staten. Då ville me fått testa folk sin betalingsvilje. Det er heilt urealistisk at bøndene ville klart å ta igjen alt det tapte frå overføringane i marknaden, meiner Almås.
Samtidig trur han importen av matvarer ville flomma inn, noko han trur ville sendt Noreg sin sjølvforsyningsgrad til under 30. Sjølvforsyningsgraden er den delen av det norske kosthaldet Noreg produserer sjølv.
– Det einaste me ikkje ville fått nok av er drikkemjølk, for det er vanskeleg å sjå for seg at det kan erstattast med import. Her ville truleg prisen blitt så høg at den norske marknaden ikkje blei fylt. Sanninga er at forbrukaren ikkje er villeg til å betala det i butikken som ein i dag betalar samla over skattesetelen og i butikk.
For du betalar for ein del av maten din alt når du betalar skatt. 30 milliardar skattekroner går i tilskot til bøndene årleg for å halda matprisane nede, men også for å bidra til for eksempel beiting eller produksjon av økologisk mat.
Hvor mye får egentlig bonden betalt for maten?
Ein tredjedel av inntektene frå støtte
Christian Anton Smedshaug, dagleg leiar i analyseselskapet Agri Analyse, fortel at grovt sett kjem ein tredjedel av inntektene til bøndene frå støtte og to tredjedelar frå marknaden.
– Om ein skulle hatt samme inntekt utan støtte, måtte marknadsinntektene auka med ein tredjedel. Det betyr ikkje nødvendigvis ein tredjedel auke i butikkprisen, men kanskje 10 til 15 prosent. Samtidig ville dette slått veldig ulikt ut for ulike varer. Mjølk, storfekjøtt, sau og korn er for eksempel direkte støtta, medan grønnsakproduksjonen ikkje får støtte på samme måte.
Men ikkje berre ville det slått ut på produksjonar som får direkte støtte. Også varer som svinekjøtt og egg ville blitt dyrare, fordi dei som lagar maten til dyra ville mista tilskot. I dag får ein tilskot for å produsera korn og belgvekstar som vert brukt i produksjon av kraftfôr.
I tillegg betalar staten pengar til produsentane av fôret, for å halda prisene nede. Utan denne støtta ville kjøtt, melk og egg blitt betydeleg dyrare i butikken.
– Effekten for forbrukeren ville vore heilt avhengig av handlekorga. Grønnsaker ville fått mindre påverknad enn storfe, lam og mjølk. For potet utgjer støtta kanskje 20 prosent av råvareprisen, medan for lammekjøtt er andelen støtte heile 65 prosent. Eg trur me ville endt opp med ein betydeleg kostnadsvekst på produkt som alt vert oppfatta som dyre, som storfekjøtt og mjølk, seier Smedshaug.
– Utan støtte og prisnedskriving på korn ville faren for at det lønte seg å importera vore mykje høgare. Det ville svekt norsk kornproduksjon, noko som er svært uheldig for den geografiske fordelinga av produksjonen i landet vårt over tid.
Men også grønnsakbøndene ville bli påverka, påpeiker han.
– Grøntprodusentane har vent seg til arealstøtte, men strengare krav som svekkjer moglegheita for bruk av sprøytemiddel gjer næringa meir sårbar. Lågare arealavkastning gjer at ein faktisk er meir avhengig av støtte no enn ein har vore tidlegare.
Bankar i krise
Også Almås peikar på at det ikkje berre ville vore maten som blei dyrare. Dersom ein fjernar tilskotet, ville det fått katastrofale fylgjer for samfunnet.
– I dag har me ein nedgang på 1–2 prosent bruk i året, men utan avtalen ville me fått ein astronomisk nedgang i antall bruk. Dei fyrste som måtte gitt seg er dei som er avhengige av millionar frå staten neste februar. Alle som har investert i nye fjøs, som innan mjølk, kylling, svin og egg, ville fått likviditetsproblem i løpet av eitt års tid. Det ville likna på 1920-tallet med tvangssal. Bankane ville blitt sitjande med store tap, noko som spesielt ville ramma bankar i distrikta. Dette ville også forplanta seg til alle leverandørane til landbruket, seier han.
Men i motsetning til slik det var på 1920-tallet, då dei små bruka forsvann, ville det no voro omvendt, meiner Almås.
– Dei største bruka ville blitt rammA hardast denne gongen, mens dei minste ville klart seg best fordi dette er deltidsbruk kor dei kan bruka pengar frå lønnsarbeid på å betala ned lån. Sau, ammeku og korn ville klart seg best, delvis fordi det er låg gjeld i desse produksjonane og delvis fordi dei har arbeid utanom. Dagens landbruk ville rett og slett blitt snudd fullstendig på hovudet.
Bøndene krev 4,2 milliardar kroner i jordbruksoppgjeret i år: – Ligg framleis langt bak