Herold

MDG-Dalin meiner flyrutene til Oslo må styrkast, ikkje svekkast

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Dag Nesbø Frøyen Published: 2026-04-29 14:26:00
MDG-Dalin meiner flyrutene til Oslo må styrkast, ikkje svekkast

– Vi er eit kunnskapsbasert parti og når det gjeld aust-vest kommunikasjon frå Vestlandet så meiner vi den må styrkast – ikkje svekkast, poengterer Dalin.

Heile stortingsbenken frå Sogn og Fjordane reagerer samla på regjeringa sine kutt i det nye flyrutetilbodet.

Etter det nye anbodet får Florø lufthamn to rundturer per dag og to i helgene. Dette er eit kutt på ein tredel, ettersom dagens tilbod er tre- til fire rundturer kvar vekedag og tre i helgene.

Samd om kutt, ueinig om jernbane

MDG-representant Marius Dalin er samd med Stig Even Lillestøl (Frp) i at eit redusert flytilbod mellom Vestlandet og Austlandet er uheldig for både private og næringsliv. Sjølv om Dalin er samd i at flyrutene frå Sogn og Fjordane til Oslo er for dårlege, meiner han det blir feil å sette flyrutene opp mot jernbane. Jernbane fortener høg prioritering, ifølgje MDG.

– Vi tenkjer beredskap på ein heilt annan måte i dag enn berre for få år tilbake, og i dette perspektivet er satsing på jernbane spesielt viktig, seier Dalin. Han vil derimot gjerne sette flyrutetilbodet på Vestlandet opp mot dyre motorvegprosjekt utan samfunnsnytte på Austlandet. Her meiner han regjeringa si prioritering er eit bomskot.

MDG har snudd

Dalin vedgår at MDG tidlegare var meir kategorisk kritiske til luftfart. Partiet har no snudd når det gjeld sambandet mellom Vestlandet og hovudstaden.

– Vi er eit kunnskapsbasert parti, og her har mellom anna mitt synspunkt blitt lytta til, seier Dalin.

Han er også viss på at eit redusert flytilbod vil få konsekvensar for privatreisande, for han sjølv som stortingsrepresentant, men først og fremst for næringslivet.

– Sambandet mot Bergen, som Widerøe si rute mellom Florø og Bergen, meiner eg kan vere kommersiell som i dag. Det er meir på eit «kjekt å ha»-nivå, slik eg ser det, seier Dalin.

Oslo-ruter viktigast

Han ville heller prioritert ei betre ekspressbussrute frå Vestlandshovudstaden. Flyrutene frå Sogn og Fjordane til Oslo meiner han derimot bør styrkast, ikkje reduserast.

– Flyruter til Oslo er viktig for oss, og Florø er i denne samanhengen ein time viktigare enn Førde, slår Dalin fast.

Dalin har tidlegare understreka kor viktig det norske kortbanenettet er spesielt for lågutsleppsfly og elektriske fly, som no blir testa ut i stadig større skala.

Når stortingsrepresentantane samlast tysdag, håper Dalin dei får snakka saman om saka.

Frp-Lillestøl reagerer: – Med geografien vi har, er fly heilt naturleg Torbjørn Vereide sjokka over flyrutekutt: – Eg vart forbanna då eg fekk høyre dette Kinn-ordføraren på barrikadane om flyrutene: – No er eg fly forbanna Erling Sande tek kampen til Stortinget: – Vi kan snu flykutta! – Dette er totalt uakseptabelt. Kysten taper igjen

🏷️ Extracted Entities (17)

Oslo (place) Marius Dalin (person) Vestlandet (entity) Fjordane (entity) Florø (entity) Sogn (entity) Austlandet (entity) Bergen (entity) MDG (entity) Erling Sande (person) Førde (entity) Kinn (entity) Stig Even Lillestøl Frp (person) Stortinget (entity) Torbjørn Vereide (person) Vestlandshovudstaden (entity) Widerøe (entity)