Herold

Kjell Inge Røkke vitnar i Solstad Offshore-konflikten

Kilde: NRK Author: Ragnhild Vartdal Published: 2025-12-04 11:13:54 Last updated: 2025-12-05 14:44:16
Røkke i Oslo tingrett: – Ein velorganisert dritpakke

Kjell Inge Røkke er i Oslo for å vitne i rettssaka der to av Noreg sine rikaste menn står mot kvarandre.

Her kjem Røkke til Oslo tingrett.

Les også

Solstad Offshore-konflikten: Alt du må vite om Røkke og Sveaas si rettssak

«Tigeren i Sveits»

– Eg må halde meg i skinnet

Meiner det heile er ein «velorganisert dritpakke»

Økonomikommentator i NRK, Cecilie Langum Becker, forklarer konflikten mellom milliardærane Kjell Inge Røkke og Christen Sveaas.

Omtaler seg som gorilla

Kommenterer at han ikkje har blitt tatt opp på opptak

Nyhetsmorgen - TV

Dette skal retten ta stilling til

Les også

Småsparar på Oslo Børs åtvarar: – Det er ingen sheriff som passar på

Røkke og Aker sin redningsplan

Tidlegare konflikt med minoritetsaksjonærar

Dei fem saksøkte er:

På veg inn i Oslo tingrett svarte Røkke kort på spørsmål frå journalistane.

– Kva blir viktig for deg å få sagt i dag?

– Berre å beskrive faktum og transaksjonen som vi er veldig stolte over at vi fekk til. Eg synest det var ein kjempebra transaksjon for alle partar. Og vi er stolte, svarar Røkke.

Her kjem Røkke til Oslo tingrett.

Finansmannen Christen Sveaas står i spissen for søksmålet mot Røkke sitt selskap Aker.

Sveaas og fleire minoritetsaksjonærar meiner Røkke auka sin eigardel i offshorereiarlaget Solstad Offshore på urettmessig vis gjennom ei omstridd refinansiering.

Karakteristikkane har hagla om Røkke så langt i rettssaka. Han har blitt kalla både «tigeren» og «løva» i Sveits.

Etter fleire veker med lydopptak frå andre aktørar, var det stor spenning knytt til kva Røkke sjølv ville seie.

Etter at Røkke flytta til Sveits, er han ikkje lenger ofte å sjå i Noreg. Han bruker no nokre av dei totalt 61 dagane han kan opphalde seg i landet skattefritt, for å vitne i saka.

Det heile starta med formalia: at Røkke er 67 år og styreleiar i Aker ASA.

Han lova å snakke sant.

– Det forsikrar eg på ære og samvit, seier Røkke.

Den første timen stiller Røkke sin advokat, Jon Christian Thaulow, spørsmål.

– Dette er jo ei erstatningssak, seier Thaulow.

– Eg må humre litt av det at det er ei erstatningssak, seier Røkke.

– Eg skriv veldig lite e-post. Så for meg som er ein ordblind fiskar, er det veldig greitt å bruke telefon, seier Røkke.

– Det er godt gjort å kome på det. Det er fire til fem gonger børskurs. Eg har ikkje høyrt at det har skjedd i verdshistoria. Det er useriøst å framstille det på denne måten, svarar Røkke om kravet frå saksøkarane.

Han legg til:

– Eg må halde meg litt i skinnet, så eg ikkje seier akkurat kva eg meiner, seier Røkke.

Røkke og Aker har heile vegen avvist skuldingane.

Økonomikommentator i NRK, Cecilie Langum Becker, forklarer konflikten mellom milliardærane Kjell Inge Røkke og Christen Sveaas.

– Ein veit i ettertid at dette var ein velkoordinert dritpakke frå Kistefos kor dei skulle framstille Aker som skurken, og dei sjølv som heltane. Alle premissane frå Kistefos er basert på rein løgn, seier Røkke.

Kistefos er selskapet til Christen Sveaas. Sjef i Kistefos, Bengt Rem, var i mange år finansdirektør i Aker.

Røkke skuldar Rem for å vere ein løgnar.

NRK har spurt Rem om han er det:

– Nei, er svaret frå Rem.

Bengt Rem er sjef i Christen Sveaas sitt selskap, Kistefos.

Alle styremedlemmane i Solstad Offshore er saksøkte i saka, inkludert Frank O. Reite.

– Det er ein av dei einaste tinga i denne saka som verkeleg irriterer meg. Eg har kjent Frank sidan han var 24,5 år gammal. Han har vore kollega med Bengt Rem i 13 år i Aker, seier Røkke.

Og legg til:

– Det er ingen tvil om at Frank er sjuk. Det var Rem og Kistefos gjort merksame på, men dei valte å ignorere det.

Hausten 2023 hadde ikkje Solstad Offshoreklart å kome lenger i sin refinansieringsprosess.

Det seier Røkke at han var ganske frustrert over.

Selskapet hadde eit milliardbeløp til låneforfall i mars 2024. Røkke rykka difor inn i september 2023.

Aker sitt inntog i refinansieringa vart diskutert i styret, men utan Røkke til stades, seier han.

– Eg synst det er greitt at ein 600 punds gorilla som eg ikkje var med der, og heller la dei få diskutere opent og transparent kva dei meinte var riktig for Aker å gjere, seier Røkke.

Røkke er ikkje er fanga opp på band, slik fleire av dei andre partane er i denne saka.

Det er han glad for.

– Det hadde vore mykje større underhaldningsverdi, men det hadde ikkje kome nokon faktaopplysningar som hadde vore annleis, seier Røkke.

*– Kvifor brukar du WhatsApp? *

– Det er ein konsekvens av livsstilen min. Eg brukar pluss minus 500 timar i lufta i året, og då er det greitt å ha tilgang til telefon. Så er det mykje sjø og hav, og der er det WhatsApp som tel via satellittelefon eller Starlink. Så det var ikkje planlagt, seier Røkke. Høyr nokre av lydopptaka som er spelt av i retten:

På spørsmål om korleis han snakka i desse samtalane, svarar han:

– Eg brukte litt utestemme. Det er det ingen diskusjon om, seier Røkke.

Maratonsaka er inne i si niande av totalt 13 veker.

Etter at Røkke flytta til Sveits, er han ikkje lenger ofte å sjå i Noreg.

No brukar han fire av dei totalt 61 dagane han kan vere her skattefritt, for å vitne.

Kjernen i konflikten er det norske likebehandlingsprinsippet.

Aksjonærar skal ha fortrinnsrett til nye aksjar når eit selskap hentar inn kapital.

Sveaas meiner styret braut dette då dei sa ja til Aker sin plan utan å ta den via generalforsamlinga.

Saksøkarane hevdar Røkke brukte makt og truslar for å få det som han ville.

Dommar Helen Engebrigtsen skal avgjere om Aker sitt krav var legitimt – eller om minoritetsaksjonærane har rett i at prinsippet om likebehandling vart brote.

Styret og leiinga i eit selskap kan vike frå prinsippet, viss dei meiner det er til det beste for selskapet og utan at det gir ein urimeleg fordel for andre aksjeeigarar.

I del to av vitneforklaringa stilte saksøkarane sin advokat, Helge Skogseth Berg spørsmål om kvifor Aker måtte auke eigardelen sin, og kvifor ikkje alle aksjonærane fekk vere med.

– Det var heilt legitimt for Aker å stille krav til korleis ein investerer eigne pengar, seier Røkke.

Han kommenterte også sjargongen som har blitt brukt om han, mellom anna har han blitt kalla ein «tiger» og «løve».

– Kvifor tok du opp at styret i Solstad skulle bli kasta?

– Det må sjåast på som eit frustrert brøl frå ein papirtiger, seier Røkke.

Røkke har vore i konflikt med minoritetsaksjonærar før.

I 2002 prøvde han å tvangsinnløyse aksjonærar i Aker RGI til ein pris som blei klaga inn.

Minoritetsaksjonærane vann til slutt fram i Høgsterett og fekk justert opp prisen.

Bengt Rem til venstre, ved sidan av Kjell Inge Røkke i midten av bildet. Her stod dei saman i Oslo tingrett i 2002.

Den gongen var Bengt Rem Røkke si høgre hand som finansdirektør.

No fører Rem saka på vegner av Sveaas som sjef i Kistefos.

  • Les meir om alle detaljane i saka her

  • Ein skulle flytte 35 av Solstad Offshore sine 43 skip inn i eit nytt, unotert selskap, med namnet Solstad Maritime.

  • I det nye selskapet skulle Aker Capital og Røkke-dominerte AMSC spytte inn 3,25 milliardar kroner i ny eigenkapital, og med det teikne nye aksjar for denne summen.
  • Dei resterande godt over 10 000 aksjonærane i Solstad Offshore skulle få høve til å teikne aksjar for til saman 750 millionar kroner i nye Solstad Maritime.
  • Med det ville DNB og Eksfin sikre eit nytt og gunstig lån på 9,7 milliardar kroner.

📊 Metadata

Category: Norge, Økonomi
OpenGraph Title: Kjell Inge Røkke vitnar i Solstad Offshore-konflikten
Twitter Title: Kjell Inge Røkke vitnar i Solstad Offshore-konflikten