Herold

Kampen for eit anstendig arbeidsliv må me kjempa for kvar dag

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Ørjan Myrmel, Fylkesleiar Fagforbundet Vestland Published: 2026-04-29 08:23:10
Kampen for eit anstendig arbeidsliv må me kjempa for kvar dag

Arbeidaranes internasjonale kampdag er rett rundt hjørnet, og over heile verda skal arbeidsfolk markere solidaritet, rettferd og likestilling.

Kvar 1. mai kjenner eg på ei ekstra takksemd den innsatsen som tillitsvalde og fagforeiningar gjennom generasjonar har lagt ned for å betra forholda for arbeidsfolk. Opp igjennom åra har fagrørsla kjempa fram 8-timarsdagen, sjukelønnsordninga, ferie og retten til ein fast jobb for å nemna noko. Forgjengarane våre stod på krava og nekta å godta urett.

Men 1. mai handlar ikkje berre om å sjå tilbake på alt me har oppnådd, men også sjå framover mot alt me saman skal få til. Medlemmene våre i kommunane, i det private og på sjukehusa treng framleis gode lønns- og arbeidsvilkår, og politikk som betrar arbeidskvardagen deira. Det handlar om heiltid, styrka bemanning og ein betre kommuneøkonomi.

For å starta med det siste: Innbyggjarane er avhengige av velferdstenestene som blir utførte i kommunane, og her kjenner me politikken på kroppen. Dårleg kommuneøkonomi fører til svekte tenester for innbyggjarane og vanskelegare arbeidskvardag for dei tilsette. Samtidig ser me at fleire høgrekommunar kuttar i oppvekstsektoren, i helsetenestene og fritidstilbodet til barna våre, samstundes som dei går med store overskot og ønskjer å gi store skattekutt til dei mest velståande. Me vil kjempa imot svekking av dei felles velferdsordningane våre.Kommunane er nøydde til å prioritera bemanning. Mange av medlemmene våre spring nesten beina av seg for å rekkje over alle arbeidsoppgåver, og dei går heim med dårleg samvit fordi dei ikkje rakk alt dei ville. Me treng fleire folk på jobb i barnehagar, skulefritidsordningar og i eldreomsorga.Styrka bemanning handlar også om at fleire skal få heile og fasta stillingar. Den største uretteni det norske arbeidslivet er at så mange som ønskjer heil stilling blir tvinga til å jobba deltid, og må jakta vakter for å få ei lønn å leva av. Samstundes er det slik at mange av dei som jobbar deltid, gjer det fordi arbeidsbelastninga er for stor til å stå i heil stilling. For dei er «frivillig deltid» eit meiningslaust uttrykk.Me må skapa eit arbeidsliv som gir folk ei inntekt å leva av, samstundes som dei kan stå i jobben til pensjonsalder. Det er eit mål å få til ein heiltidskultur, til beste både for dei tilsette og for brukarane av tenestene. Det er bra for brukarane at dei tilsette kjenner dei og veit kva dei treng, og ikkje heile tida måtte forhalda seg til nye ansikt.I år skal me markera 1. mai i takksemd, men også med kamplyst. Til dei som meiner denne dagen har gått ut på dato, eller som prinsipielt ikkje er med på markeringane: Tenk på alle som lever med økonomisk uvisse, tenk på alle som kvar einaste dag jobbar krevjande arbeidsdagar til det beste for fellesskapen, og dei som mistar jobben sin. Og har du det det bra på jobb, opplever at ting er på stell og at rettane dine er godt ivaretekne. Veit du, då er det også noko å feira. Me arbeidsfolk er sterkast når me står saman.God 1. mai!