Overskot på nesten ein milliard til saman: – Ein god start på året
Plus
I Årdal er resultatet meir enn dobla samanlikna med same periode i 2025.
– Me må attende til toppåret 2022 for å sjå kvartalsresultat på dette nivået, seier fabrikksjef Anveig Bjordal Halkjelsvik ved Hydro Årdal.
Høg aktivitet, auka aluminiumsprisar og sterk etterspurnad syter for at både Hydro Årdal og Hydro Høyanger kan visa til solide resultat for første kvartal i 2026.
Det kjem fram i ei pressemelding frå konsernet.
Snusar på rekord
Onsdag presenterte aluminiumsverket inst i fjorden eit overskot før renter, skatt og avskrivingar på 750 millionar.
Hovudårsakene er auka prisar på aluminium, høgare salsvolum og lågare kostnader på råvara alumina. For å møta etterspurnaden går støyperiproduksjonen no på maksimal kapasitet, og elektrolysen ligg an til å slå produksjonsrekorden frå 2025.
Fabrikksjefen i Årdal trekkjer særleg fram stabiliteten verket leverer i ei krevjande verd.
– Uro i marknadene gjer at norsk aluminiumsindistri aldri har vore meir relevant som trygg leverandør av eit kritisk materiale, seier ho i pressemeldinga.
– Ein god start på året
Også lengre ute i fjorden har året starta godt. Hydro Høyanger leverte eit kvartalsoverskot på 203 millionar.
Til liks med i Årdal bidrog høge aluminiumsprisar positivt, kombinert med god etterspurnad etter valseblokk og jamn etterspurnad etter resirkuleringsprodukt.
– Ein organisasjon som leverer godt kvar dag kombinert med ein sterk marknad gjev oss ein god start på året, seier Ann Synnøve Øygård, fabrikksjef ved Hydro Høyanger.
Ingen av dei to verka har hatt personskadar med fråvær hittil i år. I Årdal har det ikkje vore fråværsskadar sidan 2023.
– Sjølv om me ikkje har hatt skader med fråvær på over eit år, har me hatt mindre alvorlege hendingar som minner oss om at me aldri kan ta fokuset bort frå tryggleiken, seier Halkjelsvik.
– Me jobbar kontinuerleg med alle avvik og prøver å læra for å sikra at alle kjem heile heim att, held ho fram og får støtte frå Øygård i Høyanger.
– Sikker drift kjem alltid først. Det langsiktige arbeidet med kompetanse og tryggleik gjev resultat, men me kan aldri ta lett på dette arbeidet.
Investeringar
Begge fabrikkane er for tida prega av høg prosjektaktivitet for å sikra drifta for framtida.
I Årdal blir det no investert 50 millionar kroner i miljøforbetringar og meir robust drift ved karbonfabrikken på Årdalstangen. Til sommaren skal innføring av ny teknologi i elektrolysen ferdigstillast.
I Høyanger har dei mellom anna installert ei ny katodekran i elektrolysen med ein løftekapasitet på 240 tonn.
– Dette er ei viktig investering for tryggleik og effektiv drift, seier fabrikksjef Øygård.