Trafikkulukke på E39
Plus
Onsdag ettermiddag har det vore ei trafikkulukke på E39. Det skal ha skjedd ha skjedd i nordgåande retning ved avkøysla til det nye sjukehuset.
Ein motorsykkel og ein bubil skal ha vore involverte.
Skadeomfanget er framleis ukjend, men ambulansen har tatt med motorsyklisten til sjukehuset for ei undersøking.
Operasjonsleiar Roger Litlatun opplyser at dei er i kontakt med bubilføraren.
Ulukka skal ha skjedd under eit filskifte, og bubilen kom borti motorsyklisten, melder Litlatun.
Det var ein del kø frå Forus i retning Stavanger.
Klokka 17 er politiet ferdig på staden. Køen går som vanleg.
Litlatun fortel at dei opprettar sak som følge av ulukka.
🏷️ Extracted Entities (4)
E39
(entity)
Roger Litlatun
(person)
Forus
(entity)
Stavanger
(entity)