Tre bøker for deg som likar det dokumentariske
Plus
Skrevet av June Røys Hauge.
Vi er oppdratt til å hate hverandre, Tala Albanna & Michelle Amzalak, Dimitri Krier (red.). Kagge, 2026
Vi møter to kvinner i starten av tjueåra. Begge studerer jus og elskar bøker. Det er berre 13 kilometer mellom dei, men dei kunne ikkje vore lenger frå kvarandre. Tala bur i Gaza, Palestina, og Michelle i Sderot, Israel. Ved hjelp av ein journalist startar dei i 2024 å brevveksle. Midt i alt det vonde lyser breva av motet til å gå i dialog utan å dømme, stille dei viktige spørsmåla og utfordre den andre, alt i ein djupt respektfull tone. Slik opnar dei opp verda sjølv frå dei mest lukka stadar.
Mamma er konspirasjonsteoretiker, Christine Rehn Jensen, Res Publica, 2026
Forfattaren har vakse opp med ei mor som fiksar alt og alltid har hatt mange jarn i elden. Så kva gjer ho når mora plutseleg er styrt av førestillingar om at myndigheitene prøvar å drepe befolkninga via maten, eller at det meste ein ser i nyheitsbiletet er iscenesett? I fortvilinga over at det ikkje går an å snakke mor til fornuft har forfattaren dykka ned i mekanismane bak konspirasjonsteoriar og deira folk. Resultatet er ei veldig interessant bok, der også mor får kome til orde.
Mysteriet Steinar Wangen, Janne Amble & Kadafi Zaman, Kagge, 2025
Ei rekke dødsfall blir klassifiserte som sjølvmord, og sakene blir lukka utan at det blir mistenkt at det ligg noko meir bak. Men i 2024 blir det avslørt at fleire av dei som døydde fekk hjelp til å avslutte livet av ein mann som tilbaud slik bistand via nettet. Kven er han, og kva er motivasjonen? Tv2-journalistane som står bak boka går undercover for å finne ut meir, og i research-arbeidet går dei heilt tilbake til barndommen for å finne svar. Etter kvart begynner dei å lure på om dei står overfor ein seriemordar.