Herold

Nærmar seg opning av investering på 200 millionar kroner

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Marius Tveit Nissestad Published: 2026-04-29 09:37:37
Nærmar seg opning av investering på 200 millionar kroner

Hydro Husnes kan visa til eit overskot på over ein halv milliard i løpet av årets første kvartal.

Onsdag presenterte Hydro Husnes resultatet for første kvartal 2026. Aluminiumsverket på Husnes kan visa til eit overskot før renter, skatt og avskrivingar på 531 millionar kroner.

Resultatet kjem i eit kvartal prega av høg aktivitet og fleire viktige milepælar for Hydro Husnes. Det skjer trass i ein vedvarande uro i den europeiske marknaden, skriv Hydro Husnes.

– Vi leverer svært god drift i ein periode der mykje skjer samtidig. Vi køyrer opp elektrolysen mot rekordhøg produksjon og ferdigstiller store prosjekt. Samtidig leverer vi stabilt på tryggleik, kvalitet og volum. Det fortener organisasjonen stor ros for, uttalar fabrikksjef Jon Ola Ystgaard i ei pressemelding.

Dei tilsette imponerte statsministeren: – Det er folka som gjer dette mogleg

Blant milepælane er oppgraderinga av A-hallen. Ei investering på 320 millionar kroner som statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) fekk æra av å opna då han besøkte fabrikken 7. april.

«Med det er Hydro Husnes tilbake i full drift med ny og meir energieffektiv elektrolyseteknologi. Alle elektrolyseomnande ved verket er no moderniserte. Moderniseringa gjer at Hydro Husnes produserer meir aluminium med lågare energibruk og utslepp», står det å lesa i pressemeldinga.

Men det er ikkje den einaste store investeringa som er i ferd med å realisera seg. Det nærmar seg også opning av det nye støyperiet til Hydro Husnes.

I pressemeldinga kjem det fram at investeringa på 200 millionar kroner er levert på tid og kost, og skal gi verket auka fleksibilitet til å tilpassa produksjonen etter marknaden.

– Det nye støyperiet styrkar Hydro Husnes si strategiske rolle som leverandør av kortreist aluminium til Europa. I ei verd prega av meir uvisse er trygg tilgang på aluminium viktigare enn nokon gong, seier Ystgaard.

🏷️ Extracted Entities (4)

Hydro Husnes (person) Jon Ola Ystgaard (person) Europa (entity) Jonas Gahr Støre Ap (person)