Herold

Ord er makt – og tonen i debatten formar demokratiet vårt

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Julie Holmedal Askeland Published: 2026-04-29 12:00:00
Ord er makt – og tonen i debatten formar demokratiet vårt

Debatten om hatefulle ytringar i sosiale medium har vore markant den siste tida. Det er positivt at temaet vert løfta fram, men samstundes avgjerande å ha eit klart medvit om kva som ligg til grunn for debatten: Ytringsfridom er ein berebjelke i demokratiet vårt – men ytringsfridom inneber òg eit ansvar. Det må me vere oss bevisst.

Måten me uttrykkjer oss på formar haldningar, klima og kultur. Når vaksne menneske nyttar sosiale medium til å kome med nedsetjande eller krenkjande kommentarar, skjer det noko meir enn berre ein oppheita diskusjon. Barn og unge ser det. Dei speglar oss vaksne. Når ein opplever at vaksne går laus på kvarandre med ord som sårar, lærer dei at dette er ein akseptabel måte å handtere usemje på. Det er det absolutt ikkje!

Samtidig må me vere merksame på at slik åtferd ikkje berre påverkar ordskiftet – ho rammar einskildmenneske. Hatefulle ytringar kan gå hardt utover sjølvbildet, tryggleiken og den psykiske helsa til den som vert råka, og det påverkar òg familien rundt. Det er ikkje utan grunn at fleire topp-politikarar no fortel om korleis langvarig press, støy og belastning har sett spor. Joda, ein har valt å gå inn i politikken av fri vilje, men ein har ikkje valt den unødige støyen. Difor har me som vaksne eit særleg ansvar for å gå føre som gode døme og vise at usemje kan handterast med respekt og integritet.

Lokalsamfunnet treng gode, trygge føregongsbilete som vil bidra til fellesskapet – ikkje fleire døme på det motsette.

Eit demokratisk problem – og mogleg eit rekrutteringsproblem

I media kjem det stadig fram kor krevjande det kan vere å vere folkevald. Det overraskar ikkje. Det er viktig å minne om at for dei fleste av oss er det å vera folkevald i hovudsak eit frivillig arbeid – eit verv me tek på oss fordi ein ønskjer å bidra til lokalsamfunnet, uavhengig av parti og verdisyn.

Det er heilt legitimt å vere usamde. Usemje er ein naturleg og nødvendig del av demokratiet. Men usemje krev saklegheit. Når ordskiftet glir over i personangrep, mistolkingar, harselas og netthets, er det ikkje lenger ein demokratisk debatt – då er det noko heilt anna, og det kan me ikkje akseptere. Då må ein våge å stå opp og seie ifrå.

Som ny i politikken har eg sjølv erfart kor bratt læringskurva kan vere. Det har vore lærerikt, interessant og eit privilegium å få bidra til fellesskapet. Samstundes må eg vere ærleg: Det har kosta, og ein må prioritere og ta val som går ut over andre. Og når ein stadig høyrer og les om folkevalde som vert møtt med mangel på respekt og utsett for hets og krenking, svekkjer det motivasjonen og engasjementet for å gå vidare i ein ny valperiode. For skal ein gjere jobben som folkevald skikkeleg, krev det mykje innsats; Ein skal lese saksframlegg, gjere grundige vurderingar, gjennomføre møter, svare på telefonar og e-postar, førebu innlegg, skrive lesarinnlegg, delta i debattar, møte folk på butikken, på ferja, på jobb og i sosiale samanhengar, og danne seg eit heilskaplege bilde av ulike saker for å nemne noko. Ein er ein offentleg person – og det er både viktig og verdifullt, for det er slik me lyttar til innbyggjarane. Men det krev også at ein vert møtt med eit minimum av respekt, og me må prise oss lukkeleg for at nokon ønskjer å ta på seg slike verv. Eg tenkjer dette er noko me ikkje skal ta for gitt, og som alle bør reflektere over i møte med andre.

Nominasjonsperioden nærmar seg – kva slags ordskifte vil me ha?

No går me snart inn i ein ny nominasjonsperiode fram mot komande val. Det betyr at lokalsamfunna våre treng menneske som er villige til å stille opp – menneske som vil bruke fritida si på å lese, lytte, vurdere og ta ansvar. For at nokon faktisk skal ønske å ta på seg slike verv, må dei oppleve at det offentlege ordskiftet er prega av respekt og saklegheit. Eit godt demokratisk klima er ein føresetnad for at nye kandidatar vågar å stille – og for at reflekterte, dyktige og gode forbilde faktisk orkar å halde fram.

Då må me også stille oss sjølve nokre grunnleggjande spørsmål:

  • Kva slags klima ønskjer me å skape for dei som vurderer å stille?
  • Kva slags ordskifte vil me at barn og unge skal vekse opp i?
  • Og kva kan eg sjølv bidra med i denne debatten?

Mykje av det me har sett i kommentarfelta den siste tida, høyrer ikkje heime innanfor ytringsfridomen. Det går over streken – mot netthets og krenking. Og det bør me halde oss for gode til.

Difor er det positivt at ordføraren vår tok til orde for dette i førre kommunestyremøte, og at fleire no løftar tematikken og set ytringsfridom og demokrati på sakskartet. Det er både nødvendig og rett.

Til slutt vil eg minne om at «ord er makt». Difor må me bruke stemma og ytringsfridomen vår med omtanke – ikkje berre når ein deltek i debatten og ordskiftet, men også når me ønskjer at gode menneske skal stille til teneste for fellesskapet. Lokalsamfunnet treng trygge, rause og ansvarlege folk som vil bidra.

Samstundes må me vere medvitne om at ordskiftet vårt påverkar nettopp dei menneska som stiller – eller vurderer å stille. Før ein trykkjer «publiser», håpar eg fleire tek ein grundig runde med seg sjølve og vurderer om det ein skriv, bidreg til eit klima som gjer det mogleg for folkevalde å stå i rolla, og som gjer det meir freistande for gode kandidatar å stille i framtida – eller om det i realiteten skremmer folk bort gjennom hatefulle ytringar og krenkingar. Me har ikkje råd til å miste dei som faktisk ønskjer å gjere ein innsats for lokalsamfunnet.

For ord skapar haldningar. Og haldningar formar framtida – også for dei unge som ser på oss. Difor må me verne om både ytringsfridomen og demokratiet ved å bruke stemma vår med respekt og ansvar.

Julie Holmedal Askeland

(Mamma, mormor, dotter, svigerdotter, tante, ektefelle, ven, og folkevald for Kvinnherad Senterparti)

🏷️ Extracted Entities (3)

Ein (entity) Julie Holmedal Askeland (person) Kvinnherad Senterparti (person)