Brukte halv million på å rekruttera legar som jobba på Voss i to månader
Plus
Då Voss herad rekrutterte dei to nederlandske legane til Voss legekontor i fjor haust, brukte heradet rekrutteringsbyrå. Prislappen lydde på 500.000 kroner.
Det er Kjersti Nordanger, kommunalsjef for helse og omsorg i Voss herad, som overfor Hordaland stadfester og gjev desse opplysningane.
Arbeidet til rekrutteringsbyrået resulterte i at heradet henta dei to nederlandske fastlegane Bonnie Zijsling og Maarten de Krom til Voss legekontor.
Kjersti Nordanger opplyser på spørsmål frå avisa at oppdraget til byrået kosta heradet 500.000 kroner.
Jobba på Voss i vel to månader
Dei to nederlandske spesialistane tok til på sin nye arbeidsplass 1. november i fjor.
Etter berre vel to månader, sa dei opp stillingane sine 18. januar i år.
Legane sa opp etter berre to månader – her kan du sjå kva som leia fram til avgjerda
Gleda med dei nye nederlandske spesialistane vart dermed kortvarig.
Dette skjedde etter at alt plutseleg hadde sett ljosare ut då heradet i september i fjor kunngjorde at dei nederlandske legane snart ville vera i gang ved Voss legekontor.
Det kommunale Voss legekontor har i fleire år slite med gjennomtrekk og vanskar med rekruttering.
Dette har ført til mykje innleige av dyre legevikarar frå byrå.
Kostnadene har difor eksplodert dei siste åra, og tiltaket med å henta inn fastlegar utanfrå var ein del løysinga for å bøta på dette.
Leigde inn to legar på nær 70 år
I ljos av det som skjedde, kan ein slå fast at rekrutteringsarbeidet ikkje gav det ynskte resultatet.
I tillegg sa ein tredje spesialist i allmennmedisin, Åshild Myklebust, opp si stilling ikkje lenge etterpå.
Voss herad valde då å gå på ny ut på innleigemarknaden for å få nok legar ved Voss legekontor til å handtera pasientlistene.
Via byrå leigde dei inn to erfarne norske legespesialistar. Dette fekk Hordaland opplyst midt i april.
– Høgkompetente folk, omtalte Kjersti Nordanger dei to innleigde spesialistane som ho stadfester er godt vaksne, med alder på nær 70 år.
Har leigd inn to høgkompetente spesialistar til legekontoret
Eksplosiv vekst i kostnader for det kommunale legekontoret: – Svært uroa
Desse legane fyller i tillegg funksjonen som fagansvarleg lege ved Voss legekontor, som har vore etterlyst.
– Innleigekostnader på 16,5 millionar
Innleiga fører igjen med seg høgare kostnader for Voss herad med å driva Voss legekontor.
Kommunalsjef Kjersti Nordanger seier i ein e-post til Hordaland at heradet ser for seg kostnader for innleige av legevikarar på til saman om lag 16,5 millionar kroner i 2026.
Helse- og omsorgsavdelinga har vidare estimert seg fram til ei inntekt basert på eigendelar, Helfo-refusjonar og basistilskot på til saman rundt 11 millionar.
– Tala som me presenterer, er førebels estimat basert på informasjonen me har i dag. Tala vil mest sannsynleg bli justerte i løpet av året gitt utviklinga på legekontoret, seier Kjersti Nordanger.
Ligg an til 6,5 mill over budsjett
Budsjettet for innleige av legevikarar er sett til 9,85 millionar kroner for 2026, opplyser kommunalsjefen.
Slik situasjonen ser ut per i dag, vil heradet dermed leiga inn legevikarar for vel 6,5 millionar kroner meir enn budsjettert.
– Budsjettet vart laga hausten 2025 og var basert på informasjonen me hadde på dåverande tidspunkt og ramma som var tilgjengeleg, seier Nordanger.
Fastlegekrisa: Slik ser ventelistene ut no
Førebels reknar Nordanger likevel ikkje med å måtta be om ekstraløyvingar i 2026 frå heradskassa til innleige av legar.
PwC tilrår ytterlegare kutt
Nordanger seier dei også må sjå kva tiltak dei skal setja i verk opp mot PwC-rapporten, mellom anna.
PwC føreslår fleire tiltak etter vurderinga av legekontoret som ein del av den heilskaplege gjennomgangen av Voss herad.
I rapporten tilrår PwC å overføra ytterlegare to fastlegeheimlar frå Voss legekontor til privat næringsdrift, i tillegg til dei to heimlane som dei folkevalde alt har vedteke skal overførast til Sæthre legekontor.
Ein reduksjon av fire legeheimlar, vil føra til at det berre blir fem fastlegeheimlar att ved Voss legekontor.
Grov svikt i styrings- og kontrollorganene i Voss herad
Her er grepa PwC tilrår for å skapa varige løysingar ved Voss legekontor
Utførte 31 oppdrag som vikar og legevaktslege andre stader
Her kan det koma legekontor: – Det finst løysingar
Legekontoret på Vangen skal flytta og utvida – no søkjer dei etter to nye fastlegar
Fastlegar syng ut: – Undrar oss over korleis dei kan la pengane renna ut over så lang tid
Har brukt 39 legevikarar på tre år ved kommunalt legekontor: – Det er heilt vilt