Herold

Bøndene krev 4,2 milliardar kroner i jordbruksoppgjeret i år: – Ligg framleis langt bak

Plus
Kilde: Hordaland Author: NPK-NTB – Amalie Vadla Published: 2026-04-29 11:41:14
Bøndene krev 4,2 milliardar kroner i jordbruksoppgjeret i år: – Ligg framleis langt bak

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag understrekar at inntektsgapet framleis er stort og krev derfor 4,2 milliardar kroner i jordbruksoppgjeret i år.

Bondeorganisasjonane presenterte kravet sitt til staten på ein pressekonferanse onsdag.

I fjor kravde bøndene to milliardar kroner, men enda opp med ein avtale på 1,1 milliardar.

Årets krav på 4,2 milliardar kroner skal dekkja kostnadsvekst, i tillegg gi bøndene eit nødvendig inntektsløft, skriv Bondelaget i ei pressemelding.

– Bøndene ligg framleis langt bak andre i inntekt. Regjeringa har sjølv slått fast at gapet skal tettast innan 2027. Det forventar me at dei leverer på, seier Bjørn Gimming, forhandlingsleiaren til jordbruket og leiar i Noregs Bondelag, i pressemeldinga.

Ifylgje Bondelaget er inntektsgapet mellom bønder og andre arbeidstakarar no på over 63.000 kroner.

Stor uvisse

Gimming seier at trass i ei positiv utvikling er uvissa for bøndene framleis stor.

Han viser til at kostnadene i matproduksjon har auka kraftig og er uføreseielege.

Dette har vore krava

  1. mai presenterer staten sitt tilbod til bøndene. Forhandlingane skal vera avslutta innan 16. mai.

Årets krav prioriterer dei bøndene som tener minst, ifylgje leiaren for Bondelaget. Då er det særleg snakk om bønder innan sau og storfe og mindre bruk i distrikta.

Gimming seier at kravet snakkar til den urolege tida me lever i – med auka medvit og fokus på beredskap.

– Dette kravet er svaret vårt på det samfunnet ber oss om. Meir norsk mat, betre beredskap og verdiskaping i heile landet, seier han.

– Ein til to legg ned kvar dag – og så lurer dei på kvifor? Her er svaret

Jaktar ungt blod

I tillegg er bøndene opptekne av vidare rekruttering til landbruket. Låg inntekt og høg risiko kan føra til at færre vågar å satsa som bonde framover, meiner Bondelaget.

Difor føreslår jordbruket ei eiga satsing på unge bønder.

– Ein ny generasjon bønder er klare til å satsa. Dei treng ein god start på bondelivet med føreseieleg inntekt, betre velferdsordningar og betre ordningar for nødvendig investering. Å satsa på dei unge er å sikre framtida til landet, seier Gimming.

Smartembed for https://services.api.no/api/componenthub/v1/dashboard?component=reels-carousel_reelsCarousel&publication=www.avisa-hordaland.no&tag=reel&title=Har+du+f%C3%A5tt+med+deg+desse%3F&limit=20&source=www.avisa-hordaland.no

🏷️ Extracted Entities (6)

Bondelaget (entity) Bjørn Gimming (person) Noregs Bondelag (person) Norges Bondelag (person) Norsk Bonde (organization) Småbrukarlag (entity)