Herold

Skandale etter skandale

Kilde: Romsdals Budstikke Author: Frank Sve Published: 2026-04-29 06:55:05 Last updated: 2026-04-29 07:30:17
Skandale etter skandale

Arva etter 12 år med AP styrt fylkeskommune er brutal, og det ramlar skandale etter skandale ut av skapa, der millionane flagrar.

Kraftig husvask i fylkeskommunen!

Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Sist var det Campus Kristiansund med leiekontrakter og drift heilt ut av kontekst, og frå før har vi vondt i minne både Fylkeshuset as og Bærekraftshub.

Kor mange titals million kr fylkeskommunen har sløsa vekk på bærekraft og eigedomsforvaltning er ikkje godt å seie, men det er ekstreme beløp.

FrP har i valgkamp etter valgkamp gått til valg på å rasjonalisere fylkeskommunen og rydde opp i sløseriet.

Les også:

FrP har stått smutters aleine imot galskapens prosjekt slik som til dømes Bærekraftshub og Fylkeshuset as med R8me, og andre fullstendig hinsides sløseriprosjekt.

Til dels har resten av fylkestinget omtrent håna oss i FrP som har stilt kritiske spørsmål og stemt imot sak etter sak. No har kritikken mot oss brått stilna, og dei fleste har nok innsett sløseriet.

Den store "husvasken " i fylkeskommunen er godt i gang, og i samarbeid med dei andre borgarlege partia i fylket. Dette i påvente av at FrP og Høgre ein gong i framtida får fleirtalet for å legge ned heile fylkeskommunen.

Les også:

172 stillingar i fylket er kutta, og det bør ikkje stoppe med dette. Rasjonalisering av offentlege sektor er høgst nødvendig, og fylkeskommunen er inga unntak. Vi kuttar så mange selskap som mogeleg, og fylket skal ikkje drive med næringsverksemd i konkurranse med privat næringsliv.

Det siste aldeles greinalause var disputten som fylket hadde med leigetakarar på fylkeshuset, som i åpne konkurranser no velger å flytte ut av fylkeshuset og over til private bygg. Ikkje èin dag for tidlig, då fylkeskommunen IKKJE skal bruke skattebetalerne sine penger på å subsidiere leige i eige bygg og forsøke å utkonkurrere private aktørar i eigedomsmarknaden.

Les også:

Så lenge fylkeskommunen eksisterer skal fylket konsentrere seg om dei oppgåvene fylket har innan samferdsel, vidaregåande skular, kultur og næring. Det nye borgerlige fleirtalet leverer på denne «husvasken» og den kraftige rasjonaliseringa gjev åpenbare resultat.

Fylket har i 2026 igjen fått orden på økonomien, og er igjen istand til å sette igang nye utbyggingsprosjekt innan samferdsel og skule. Utan økonomisk kontroll, har fylket inga muligheit til dette, derfor må vidare rasjonalisering fortsette, og direkte sløseriprosjekt og selskapsstrukturer kuttast.

Les også:

Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no

Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal

🏷️ Extracted Entities (19)

Frank Sve 📁 (category) Leserinnlegg 📁 (category) Meninger 📁 (category) Molde 📁 (category) Møre og Romsdal fylkeskommune 📁 (category) Frank Sve 🏷️ (keyword) Leserinnlegg 🏷️ (keyword) MENINGER 🏷️ (keyword) Molde 🏷️ (keyword) Møre og Romsdal fylkeskommune 🏷️ (keyword) Bærekraftshub (entity) FrP (entity) Fylkeshuset (entity) AP (entity) Campus Kristiansund (organization) Høgre (entity) IKKJE (entity) Nordvest (entity) R8me (entity)

📊 Metadata

Category: Meninger, Meninger, Leserinnlegg, Frank Sve, Møre og Romsdal fylkeskommune, Molde
Keywords: Meninger, Leserinnlegg, Frank Sve, Møre og Romsdal fylkeskommune, Molde