Herold

Meta kastar ut australske barn ut frå Instagram og Facebook

Kilde: NRK Author: Julie Grasmo Published: 2025-12-04 21:23:26
Meta kastar ut australske barn ut frå Instagram og Facebook

Barn under 16 år får ikkje lenger lov til å bruke sosiale medium i Australia. Torsdag kastar Meta ut ungdom mellom 13 og 15 år.

Les også

Aldersgrense på sosiale medier: Slik kan det fungere

Kan få bot på 332 millionar norske kroner

Les også

Mobbeekspert: Nesten ikke vits å innføre loven dersom Snapchat får unntak

EU vil ha 16 års aldersgrense i sosiale medium

Slik er aldersgrensa for sosiale medium i andre land

Les også

Støre vil ha aldersgrense for sosiale medier

YouTube: Barn skal vernast i den digitale verda

Les også

Marte (20) fikk tilsendt «dickpic» som 13-åring - etterspør strengere straff

Les også

Testet grensene til Snapchats nye filter – lagde grove bilder på få sekunder

– Med éi lov kan vi skjerme Generasjon Alfa frå å bli sogne inn i helvetet til algoritmane, som mannen bak fenomenet har kalla åtferdsmessig kokain, sa kommunikasjonsminister Anika Wells under ein tale.

Frå 10. desember blir det forbode for australske barn under 16 år å ha kontoar på sosiale medium.

Forbodet skal verne barn mot press og risikoar som dei kan bli utsette for på sosiale medium, opplyser den australske regjeringa i ei pressemelding

Det er venta at rundt 150 000 Facebook-brukarar og 350 000 Instagram-kontoar vil bli ramma, skriv Reuters.

Brukarar på Threads vil også forsvinne, ettersom kontoen fungerer gjennom Instagram. I tillegg blir også YouTube, X, TikTok, Snapchat, Reddit, Kick og Twitch ramma av tiltaket.

Ei Facebook-melding blir vist på ein mobiltelefon der det står at Facebook ikkje kan opprette ein konto. Dette er eit illustrasjonsbilde, tatt 3. desember 2025.

Meta starta førre månad å varsle ungdom mellom 13 og 15 år om at kontoane deira blir stengde frå 4. desember.


For å få tilgang til appane må unge brukarar vise førarkort eller legitimasjon.

Plattformene som ikkje følger reglane, kan bli bøtelagde med nesten 50 millionar australske dollar. Det svarer til rundt 332 millionar norske kroner.

Australia forbyr sosiale medium for barn under 16 år.

Australske styresmakter meiner at tiltaket blir den første dominobrikka i ein global kamp mot Big Tech.

– Og det er derfor plattformene har kjempa imot, seier Julie Inman Grant.

Ho er ansvarleg for digital sikkerheit i landet.

Julie Inman Grant jobbar i Australia som sjef for eSafety. Ho leier styresmakta for nettsikkerheit i landet.

Ifølge Grant har Meta, TikTok, Snapchat og YouTube protestert mot det australske forbodet i over eitt år.

Ho seier at plattformene har tatt saka vidare til den amerikanske regjeringa.

Plattformene vil at australske internettstyresmakter skal vitne i Kongressen om det dei kallar eit forsøk på å påverke amerikansk ytringsfridom.

I Noreg er det 13 års aldersgrense for å opprette ein konto på sosiale medium.

Men det hindrar ikkje dei som vil i logge seg på, opplyser Medietilsynet i ei pressemelding.

Ei jente poserer med mobilen sin. Eit forbod for brukarar under 16 år skal tre i kraft 10. desember i Australia.

I slutten av november stilte eit fleirtal i EU-parlamentet seg bak ei oppfordring frå EU-kommisjonen om å komme med eit formelt forslag på aldersgrenser i sosiale medium, videoplattformer og KI-plattformer som ChatGPT.

I alt sa 483 representantar ja, mens 92 stemte nei.

EU-parlamentet meiner at 16 år er ei passande aldersgrense. Dei vil også ha eit forbod mot såkalla avhengnadsskapande innhald.

I forslaget står det også at unge ned til 13 år skal kunne bruke sosiale medium, dersom foreldra samtykker.

Belgia: Barn må vere fylte 13 år for å kunne opprette ein brukarkonto i sosiale medium utan samtykke frå foreldra.

Storbritannia: Har stilt tøffare krav overfor plattformer som Facebook, YouTube og TikTok, men har ikkje innført konkrete aldersgrenser.

Frankrike: Vedtok i 2023 ei lov om at barn under 15 år må ha samtykke frå foreldra for å opprette brukarkontoar i sosiale medium. Tekniske utfordringar har medført at iverksettinga har blitt utsett. I april i fjor anbefalte eit ekspertpanel endå strengare reglar, under dette eit forbod mot smarttelefonar for barn under 13 år.

Tyskland: Offisielt må barn mellom 13 og 16 år ha samtykke frå foreldra for å vere i sosiale medium. Men ifølge talsmenn for barn sine rettar blir ikkje lova handheva tilstrekkeleg.

Italia: Barn under 14 år må ha samtykke frå foreldra for å opprette brukarkonto i sosiale medium.

Nederland: Inga aldersgrense i sosiale medium, men har innført forbod mot mobiltelefonar i klasserommet.

Kjelder: Reuters, NTB

I haust foreslo Ap-regjeringa på si side å innføre ei absolutt aldersgrense på 15 år for sosiale medium.

– Regjeringa meiner barn under 15 år ikkje skal vere på sosiale medium. Vi må verne barn i det digitale samfunnet, og ikkje overlate dei aleine til algoritmar og techgigantar, sa barne- og familieminister Lene Vågslid i ei pressemelding.

Barne- og familieminister Lene Vågslid.

*Lovforslaget inneber sosiale medium som: *

Til Aftenposten seier Vågslid at dette også gjeld plattforma Snapchat.

Regjeringa har også tatt initiativ overfor EU for å få til samarbeid for å verne barn og unge og regulere tek-gigantane, opplyser Vågslid til NTB.

Leiar for offentleg politikk i YouTube, Rachel Lord, meiner den australske lova ikkje vil oppfylle løftet sitt om å gjere barn tryggare på nettet.

Leiar for offentleg politikk i YouTube, Rachel Lord meiner at lova ikkje vil gjere barn tryggare på nettet.

– Ho vil faktisk gjere australske barn mindre trygge på YouTube, seier Lord i ei fråsegn.

Barn kan framleis bruke YouTube utan ein personleg konto, som gjer at ein ikkje lenger har viktige funksjonar som sikkerheitsfilter.

– Hos YouTube meiner vi at barn skal vernast i den digitale verda, ikkje frå den digitale verda, seier Lord.


Meta meiner at den australske regjeringa bør krevje at appbutikkar sjekkar alderen og får godkjenning frå foreldra når ungdom under 16 år lastar ned appar.

– Sjølv om Meta er forplikta til å overhalde lova, meiner vi at det trengst ei meir effektiv, standardisert og personvernbevarande tilnærming, seier ein talsperson for Meta, ifølge Reuters.

Meiner at australske butikkar skal sjekke alderen for dei som skal laste ned appar.

TikTok seier at dei vil bruke «fleire lag» med sikkerheit for å sjekke alder, mens Snapchat skal tolke oppførselen til brukarane for å gjette kor gamle dei er, ifølge Skynews.

Du trenger javascript for å spille av lydklippet «Urix».

  • Belgia: Barn må vere fylte 13 år for å kunne opprette ein brukarkonto i sosiale medium utan samtykke frå foreldra.
  • Storbritannia: Har stilt tøffare krav overfor plattformer som Facebook, YouTube og TikTok, men har ikkje innført konkrete aldersgrenser.
  • Frankrike: Vedtok i 2023 ei lov om at barn under 15 år må ha samtykke frå foreldra for å opprette brukarkontoar i sosiale medium. Tekniske utfordringar har medført at iverksettinga har blitt utsett. I april i fjor anbefalte eit ekspertpanel endå strengare reglar, under dette eit forbod mot smarttelefonar for barn under 13 år.
  • Tyskland: Offisielt må barn mellom 13 og 16 år ha samtykke frå foreldra for å vere i sosiale medium. Men ifølge talsmenn for barn sine rettar blir ikkje lova handheva tilstrekkeleg.
  • Italia: Barn under 14 år må ha samtykke frå foreldra for å opprette brukarkonto i sosiale medium.
  • Nederland: Inga aldersgrense i sosiale medium, men har innført forbod mot mobiltelefonar i klasserommet. Kjelder: Reuters, NTB

📊 Metadata

Category: Urix, Australia, Sosiale medier, TikTok, Digital mobbing, Teknologi og data