Kvar fjerde gard står tom: – Skulle ønskje det var lys i fleire hus
40.000 færre bur på gard i dag enn for ti år sidan. Sjølv om mange drøymer om å bu på slike eigedomar.
Les også
Fekk oppfylt småbrukdraumen for 750.000 kroner
Etterlyser ordning
Drøymer du om livet på eit småbruk?
Les også
Venegjengen driv gard saman: – Me er sikkert dei einaste som lever slik
Kva er konsesjonslova?
Les også
Henri (24) kjøpte skogeiendom til 61 millioner kroner: Tror skogbruket har godt av forandring
Stikk motsett trend
Flest tomme hus i nord
– Kan vere tøff konkurranse
Les også
Skulle rive huset – glad dei valde oppussing
Les også
Målfrid (95) har buplikt i ei rønne
Les også
Trur leigemarknaden vil redde småbruka frå masseforfall
Er du blant dei som kunne tenke seg å bu landleg til på ein landbrukseigedom, med god plass rundt deg?
Du er ikkje åleine.
Ordet «småbruk» er blant dei mest brukte søkjeorda på finn.no/eigedom. Likevel står heile 23 prosent av alle gardar utan fast busetnad.
Det syner ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Utsikt frå eit småbruk på Lote i Stad kommune.
– Eg skulle ønskje det var lys i fleire av dei tomme husa, seier leiar Jan Erik Fløtre i Vestland Bondelag.
Fløtre trur mange ønskjer større plass, ikkje at dei vil drive gard.
Fylkesleiaren har forståing for at mange gardar går i arv i familiar. Likevel meiner han at ein treng folk i distrikta for å halde lokalsamfunna levande.
Tala frå SSB viser at sjølv om fleire landbrukseigedomar er fråflytta, blei berre ein tredel av eigedomane seld utanfor familiane.
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– Det er viktig at det folk bur på gardane som har konsesjon. Gardane *utan *konsesjon er verre å styre, seier Fløtre.
Han skulle helst sett ein måte å halde folk buande fast i distrikta, for å halde lokalsamfunna oppe.
Ikkje alle fråflytta gardsbruk er vel like aktuelle som heilårsbustad. Kva med eitt som dette?
At færre bur fast på landbrukseigedommar, heng sjølvsagt også saman med at talet på bønder og aktiv gardsdrift har gått kraftig ned.
I løpet av 1970-, 80- og 90-talet vart over halvparten (85.000) av gardsbruka i Noreg lagde ned. På 2000-talet forsvann nesten halvparten av resten.
Kjelde: Landbruksdirektoratet
«Gardsfolket» går stikk motsett veg av resten av folket:
Eit fråflytta hus i Lyngen i Troms.
Kor mange hus utan lys i vindauga varierer sterkt rundt i landet.
Nord-Noreg har størst prosentdel landbrukseigedomar med bustadbygningar utan fast busetjing:
Det er stor geografisk skilnad på kor mykje landbrukseigedom som ikkje har heilårsbusetnad. Fargane viser prosentdel.
I andre enden toppar Innlandet lista. Der bur over 16 prosent av innbyggjarane på landbrukseigedommar. Og i Lesja kommune nord i fylket er talet heile 48 prosent.
Einar Bergsholm, forskar i juridiske fag ved NMBU, fortel at det ikkje er lett å peike ut éin bestemt grunn til utviklinga med mange gardshus utan fastbuande.
– Nokon kjøpar barndomsheimen sin for å bruke han til feriestad. Ei anna forklaring kan vere at konkurransen i landbruket er tøff, der bønder må ha to gardseiningar for å få drifta til å gå rundt. Då kan dei berre bu éin stad.
Bergsholm viser til konsesjonslova som skal ivareta fleire formål, også busetnad.
Likevel kan det vere forskjellar mellom kommunane korleis lova blir utøvd.
Han spør seg om det kanskje burde vore lettare å kunne frådele landbruksjord. Då kunne moglegheita for å utvide driftseiningar bli lettare.
– Og at ein vurderer meir *kven *som kjøper jorda. Om det er eit ungt par som ønsker å satse og drive gardsbruk som yrke, kan det vere lettare for dei å få kjøpt jord og ikkje måtte kjøpe heile garden, føreslår forskaren.
- Lova gjev styresmaktene rett til å regulere og kontrollere kven som får lov til å eige fast eigedom og kva eigedomen skal brukast til.
- Hovudmålet er å verne jordbruksareal og sikre at eigarforholda er til det beste for samfunnet, til dømes ved å sikre matproduksjon og busetjing i bygdene.
- I utgangspunktet kan ingen overta fast eigedom (kjøp, arv, gåve) utan å ha fått tillating (konsesjon) frå kommunen først.
- I praksis er dei fleste vanlege bustadeigedomar fritekne for konsesjonsplikt, så lenge dei ikkje har for store jord- og skogareal.
- Det viktigaste vilkåret er ofte buplikt. Det tyder at om ein overtek ein landbrukseigedom, må du busette deg der og bu der i minst fem år.
Nær slekt kan ofte overta ein landbrukseigedom konsesjonsfritt, men må som regel skrive under på å oppfylle den nemnde buplikta.
I 2024 budde om lag 350.000 personar på landbrukseigedomar – 6,3 prosent av befolkninga.
- Det er 40.000 færre enn for ti år sidan, og nesten 100.000 færre enn for 20 år sidan.
I 2006 budde 9,6 prosent av innbyggjarane i Noreg på landbrukseigedomar.
Dei siste 20 åra har folketalet i landet auka meir enn 20 prosent.
- Talet på dei som bur på gard har minka meir enn 20 prosent.