Herold

No vil Røkke bygge kjernekraft til Europa

Kilde: NRK Author: Asgeir Heimdal Reksnes Published: 2026-04-29 06:00:56 Last updated: 2026-04-29 08:57:09
No vil Røkke bygge kjernekraft til Europa

­

Aker Solutions er ein stor leverandør innan olje- og gass, men ynskjer fleire bein å stå på i framtida.

No har selskapet inngått intensjonsavtale med Rolls-Royce SMR om å bygge modular til kjernekraftverk i Noreg.

– Partnarskapen er ei viktig moglegheit for å gå inn i ein potensiell ny marknad, seier konsernsjef Kjetel Digre i Aker Solutions.

Konsernsjef i Aker Solutions Kjetel Digre

Aker Solutions skal ikkje ha noko å gjere med sjølve reaktoren, men dei kan mellom anna levere kontrollsystem og røyrsystem som overfører damp under trykk frå reaktoren til turbinen.

Selskapet meiner erfaringane frå å sette saman store og komplekse olje- og gassinstallasjonar gjer dei klare for tilsvarande oppgåver innan kjernekraft.

På Stord skal dei no i gang med eit eige program for å teste ut teknologien.

Avtalen er eksklusiv – ingen av partane skal jobbe med andre leverandørar så lenge samarbeidet varar. Avtalen betyr ifylgje Digre at dei skal bruke eitt år på å modne teknologien, før dei deretter skal bestemme seg for om dei er klare for kontrakt.

Illustrasjon av eit planlagt SMR-kjernekraftverk til Rolls-Royce. Reaktoren er kapselen i midten.

Kjernekraft som klimaløysing

Stadig fleire land ser til kjernekraft for å nå klimamåla, sidan energiforma er utsleppsfri.

Utfordringa er høge kostnadar, atomavfall og risiko for ulykker og sabotasje.

Ved å serieprodusere modular på fabrikk i staden for å bygge alt på staden, er håpet at prisen kan pressast ned.

Her kjem Aker Solutions inn i biletet. Ifylgje Rolls-Royce består 80 prosent av eit slikt kraftverk av delar som ikkje direkte er reaktoren dei sjølve produserer.

Aker Solutions kan levere ingeniørtenester og teknologi frå olje og gass. Dei har erfaring med å bygge komplekse og store modular som blir sette saman til slutt.

– Partnarskapen med Rolls-Royce demonstrerer korleis fleire tiår med erfaringar frå olje og gass kan opne nye moglegheiter i veksande energimarknadar, og gir Aker Solutions ei rolle i energiskiftet, seier Digre.

Rolls-Royce SMR sine illustrasjonar av eit kjernekraftverk.

Ikkje kjernekraft i Noreg – men planar i Europa

Nyleg presenterte det norske Kjernekraftutvalet sin rapport om kjernekraft i Noreg.

Konklusjonen er at det ikkje er realistisk med kjernekraft i Noreg før tidlegast i midten av 2040-talet.

Rolls-Royce har alt kontraktar for å levere SMR-reaktorar til Storbritannia og Tsjekkia, og er med i finalerunden på å levere til eit nytt svensk kjernekraftverk.

– Avtalen med Aker Solutions kan forandre korleis vi leverer kjernekraft, seier konsernsjef i Rolls-Royce SMR, Chris Cholerton.

Dei har og intensjonsavtale med Norsk kjernekraft AS om å levere reaktorar til Noreg, dersom selskapet får konsesjon.

På Stortinget er politkarane nøgde med at Aker Solutions kan få innpass i ein ny marknad, men dei har delte meiningar om kjernekraft i Noreg.

NRK har tidlegare fortalt korleis fleire norske kommunar har inngått lukrative avtalar om kjernekraft

Samarbeidet med Aker Solutions skjer uavhengig av kva som skjer med kjernekraft i Noreg.

– Vi er med fordi vi har tru på teknologien. Vi jobbar i mange land i verda og er klare til å ta jobben også i Noreg om vi kjem dit, seier Digre.

Kjernekraftutvalet: Rapporten oppsummert i seks punkt

Kjernekraft er trygt: Kjernekraft kan byggast og drivast med svært låg risiko for både helse og miljø i Noreg, føresett at vi følgjer strenge internasjonale sikkerheitsreglar.

Det tek for lang tid: Det vil ta minst 20 år frå ein tek avgjerda, til eit kraftverk faktisk kan produsere straum. Derfor vil ikkje kjernekraft hjelpe oss med å nå Noregs klimamål for 2050.

Det er for dyrt:Slik situasjonen er i dag, er ikkje kjernekraft i Noreg lønsamt. Skal det byggast, vil det truleg krevje store pengesummar (subsidiar) frå staten. Utvalet reknar med at eit kjernekraftverk kan koste mellom 200 og 350 milliardar kroner (12,5 TWH med straum).

Avfallet er eit problem for «alltid»: Det brukte brenselet og det farlegaste radioaktive avfallet må lagrast heilt trygt i 100.000 år. Dette gir oss eit stort moralsk ansvar for generasjonane som kjem lenge etter oss.

Hovudanbefaling – ikkje start no: Fordi det er ulønnsamt, og fordi Noreg manglar lover, tilsyn og erfaring, rår frå utvalet at Noreg startar ein stor prosess for å bygge kjernekraftverk nå.

Hald døra på gløtt:Utvalet anbefaler likevel at vi bygger opp eit nasjonalt fagmiljø for å forske på og lære meir om kjernekraft. Då er vi betre rusta dersom teknologien blir rimelegare og meir aktuell i framtida.

Les heile rapporten frå Kjernekraftutvalet: Kjernekraft i Noreg? Fordeler, ulemper og føresetnader

🏷️ Extracted Entities (22)

Aker Solutions Kjetel Digre (person) Noreg (entity) Rolls-Royce SMR (organization) Europa (entity) Fra NRKs klimaredaksjon 📁 (category) Kjernekraft 📁 (category) Klima og miljø 📁 (category) Olje og gass 📁 (category) Røkke (entity) Røkke-selskapene 📁 (category) Kjernekraftutvalet (entity) Solutions (entity) AS (organization) Chris Cholerton (person) Ifylgje Rolls-Royce (organization) Kjernekraft (entity) Norsk (entity) Storbritannia (entity) Stord (entity) Stortinget (entity) TWH (entity) Tsjekkia (entity)

📊 Metadata

Category: Klima og miljø, Kjernekraft, Olje og gass, Røkke-selskapene, Fra NRKs klimaredaksjon