Vann med ni spelarar
Plus
Samarbeidslaget Vaksdal/Dale/Stanghelle vann 3-1 borte mot Bønes 2 søndag. Sigeren kom etter at laget spelte store delar av kampen med ein og to spelarar mindre på bana.
Kampen i 6. divisjon avdeling 02 starta dramatisk for gjestene frå Vaksdal. Allereie etter ti minutt fekk keeper Odd André Boge raudt kort og måtte forlata bana. Bønes 2 tok leiinga på det etterfølgjande frisparket.
Trenar Ronny Boge reagerer på dommaravgjerda i opninga.
- Det skulle ikkje ha vore utvising. Me har sendt melding til kretsen og satsar på at Odd André slepp karantene, seier Boge.
Utlikna før kvila
Sjølv med ein spelar mindre klarte V/D/S å arbeida seg inn i kampen. Ti minutt før pausesignalet sette bortelaget inn utlikningsmålet. Laget brukte pausen til å leggja ein plan for dei siste 45 minutta.
- Me vart samde i pausen om at dette kan me vinna. Dei styrta banespelet, men me slepp dei lite til, fortel trenar Boge.
Han legg til at laget kjente seg farlege kvar gong dei hadde ballen i laget.
Nytt raudt kort
Dramatikken heldt fram i andre omgang. Mark Slezin fekk først gult kort for å ha reagert på eit innkast han meinte var feildømt. Reaksjonen på det gule kortet førte vidare til at dommaren drog opp det raude.
Med 20 minutt att på klokka måtte Vaksdal forsvara seg med ni mot elleve spelarar.
- Eg trur det må vera første gonga eg har vore med å spela ni mot elleve. Det blei ein veldig spesiell kamp, seier Boge.
Søvik blei avgjerande
Trass i det talmessige undertalet, klarte Bønes aldri å setja inn vinnarmålet. Remi Søvik var aktiv på topp for gjestene, og skaffa frisparket som sende Vaksdal i føringa. Bjørn Tore Myrvold sette ballen i mål.
Mot slutten av kampen avgjorde Søvik kampen då han sjølv sette inn 3-1.
- Bønes hadde nokre gode sjansar, men me fekk rydda vekk, konstaterer ein glad trenar Ronny Boge.
Han trekkjer fram innsatsen og lagmoralen som avgjerande denne gongen. Vaksdal/Dale/Stanghelle står etter to kampar med full poengpott.
Målfest i seriestarten, Osterøy fekk stryk på Vaksdal