Fylkeskommunen med millionstøtte til Hub for Minerals
Plus
Vestland fylkeskommune har vedteke å inngå ein samarbeidsavtale om Hub for Minerals, og bidreg med opptil fem millionar kroner.
Vestland fylkeskommune, gjennom fylkesutvalet, vedtok tysdag 28. april ein samarbeidsavtale for innovasjonsklyngeprosjektet Hub for Minerals.
Det melder fylkeskommunen i ei pressemelding tysdag ettermiddag.
Avtalen er med Engebø Rutile and Garnet (Nordic Mining), Askvoll og Sunnfjord kommune. Fylkeskommunen forpliktar seg til inntil fem millionar kroner i tilskot over tre år.
Midlane skal nyttast til eit treårig innovasjonsklyngeprosjekt i regi av Hub for Minerals AS. Prosjektet omfattar utvikling av berekraftig mineralutvinning, med fokus på betre utnytting av restmassar, nye verdikjedar og sirkulærøkonomi.
– Dette handlar om å sjå på alternative måtar å utnytte restmassar frå mineralutvinning på, og det er viktig å kome raskt i gang. Hub for Minerals er eit konkret grep for å følge opp den felles ambisjonen som vart etablert i 2011 om å utvikle ein meir berekraftig og framtidsretta mineralnæring i Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Vedtaket bygger på eit tidlegare vedtak frå fylkesutvalet i juni 2024, som la grunnlaget for økonomisk medverknad frå fylkeskommunen gjennom ein eigen avtale.
Hub for Minerals AS er eit selskap under Sunnfjord Utvikling AS, og er ein del av initiativet Grøn region Vestland.
– Eit gjennombrot!
Fekk først ikkje pengar, så snudde fylket. – Eg fekk ikkje sove
I vantru etter at fylkespolitikarane røysta mot å binde seg til Engebø-inkubator
– Vi sit på unik kompetanse