Fylkespolitikarane til kamp for flytilbodet – godtek ikkje kutt
Plus
Vestland Arbeidarparti med Karianne Torvanger i spissen fekk tysdag tverrpolitisk fleirtal for ein uttale om FOT-rutene, med krav om at rutetilbodet minst skal vere som i dag.
Til tysdagens møte i Fylkesutvalet stilte Arbeidarpartiet spørsmål til Fylkesordføraren om FOT-rutene. Det har som kjend vore stor oppstandelse etter at Samferdsledepartementet sin nye anbodsrunde på statsfinansierte, regionale flyruter (FOT) vart offentleg før helga. I anbodet vert krava til flysete Florø – Oslo kutta med mange tusen i året, og med dette vert det naturleg nok også færre ruteavgangar.
Vestland Arbeidarparti med Karianne Torvanger frå Florø i spissen tok opp saka i Fylkesutvalet tysdag. Partiet hadde skrive ein uttale som handla om konsekvensane for Florø om dette ruteopplegget bli gjennomført.
– Vi forstår veldig godt frustrasjonen lokalt i Florø, og vi deler frustrasjonen. Vi ser at endringane i flytilbodet får store konsekvensar lokalt, seier Torvanger til Firdaposten.
– Det er viktig å vere tydeleg på kva konsekvensar dette får, for innbyggarane, for næringsliv og beredskap. Dette er ein kamp vi må ta, seier ho.
I Fylkesutvalet vart uttalen utvida til å også omfatte flytilbodet frå Stord og Førde. Og med dette samla alle partia seg bak, og uttalen vert sendt til Samferdsledepartementet, stortingsbenken frå Vestland og Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.
– Eg er glad vi har fått samrøystes gjennomslag for uttalen. Men eg skulle sjølvsagt ønska meg sterkare fokus på Florø, som blir desidert hardast råka, seier Torvanger.
Her er uttalen:
Vestland fylkeskommune ber staten justere FOT-anbodet Vestland fylkeskommune ber staten justere konkurransegrunnlaget for dei regionale flyrutene i Sør-Noreg, slik at FOT-rutetilbodet i Vestland minst vert oppretthalde på dagens nivå.
FOT-rutene og dei regionale lufthamnene er ein avgjerande del av transporttilbodet i Vestland. Dei er viktige for innbyggjarar, næringsliv, busetjing, verdiskaping, beredskap og tilgang til offentlege tenester. Eit godt og føreseieleg flytilbod er særleg viktig i distrikta og langs kysten, der avstandane er store og alternative reisemåtar ofte tek lang tid.
Vestland fylkeskommune viser til høyringsuttalen frå desember 2025, der fylkesutvalet var tydeleg på at dagens flyplasstruktur, frekvens og kapasitet på FOT-rutene som eit minimum må vidareførast. Fylkesutvalet peika også på at staten må ta omsyn til næringsmessige, distriktspolitiske og beredskapsmessige konsekvensar, ikkje berre snevre samfunnsøkonomiske analysar.
Vestland fylkeskommune ber regjeringa gjere følgande endringar:
Setekapasitet og frekvens må minst vidareførast på dagens nivå.
Prisauken på FOT-rutene må følge KPI, slik at rutene framleis er tilgjengelege for innbyggjarar, pasientar, pendlarar, studentar og næringsliv.
Florø–Oslo må sikrast på minst dagens nivå. Det er særleg alvorleg at konkurransegrunnlaget opnar for ein kraftig reduksjon i ruteproduksjonen på Florø–Oslo. Ruta er avgjerande for kysten, næringslivet, offentlege tenester og beredskap, og må minst vidareførast på dagens nivå.
Ruta Stord-Oslo må vidareførast minimum på nivået det er no, for å sikre mobilitet, kompetanse og verdiskaping i Sunnhordlandsregionen.
Førde – Oslo må sikrast som i dag, som eit minimum.
Florø–Bergen og Førde – Bergen må inn i FOT-systemet. Bergen er det viktigaste regionale knutepunktet for store delar av Vestland. Høge billettprisar gjer i dag at mange vel Oslo/Gardermoen framfor Bergen, noko som svekkjer Vestlandet som samla bu-, arbeids- og næringsregion.
Vestland fylkeskommune ber difor regjeringa justere konkurransegrunnlaget i tråd med fylkeskommunen si høyringsuttale, og sikre eit FOT-rutetilbod som styrkjer mobilitet, beredskap, busetjing og verdiskaping i heile Vestland.
MDG, H, Ap, Frp, SV, V og KrF står alle bak uttalen.
Frp-Lillestøl reagerer: – Med geografien vi har, er fly heilt naturleg
Erling Sande tek kampen til Stortinget: – Vi kan snu flykutta!
Kinn-ordføraren på barrikadane om flyrutene: – No er eg fly forbanna