Herold

VM-trekninga i Kennedy Center: Meiner Gianni Infantino blir brukt av Donald Trump

Kilde: NRK Author: Halvor Ekeland Published: 2025-12-05 11:27:47 Last updated: 2025-12-05 17:14:42
VM-trekninga i omstridd senter: – Blir brukt som eit PR-verktþy for Trump

FIFA kastar glans over arenaen der VM-trekninga skal skje fredag kveld. Kritikarane meiner president Donald Trump brukar dette senteret for Ä utÞve sensur pÄ nasjonalt nivÄ.

– Sensur pĂ„ nasjonalt nivĂ„

Les ogsÄ

Fotballpresidenten (?)

– Autoritére haldningar i fri utfalding

Vil skifte namn frÄ Kennedy Center til Trump Center

– Kennedy Center blir brukt som eit PR-verktĂžy for Trumps administrasjon. Det har blitt politisk. Det handlar ikkje om Ă„ sette spelarane, supporterane og sporten i fokus. Det handlar om Ă„ promotere ein politisk person som aldri har sett sine fĂžter pĂ„ ein fotballbane.

Det seier Jamal Watkins til NRK.

Han er visepresident i det amerikanske nasjonale forbundet for farga menneskes interesser (NAACP), ein av dei mest innverknadsrike borgarrettsorganisasjonane i USA.

Watkins reagerer sterkt pÄ kor VM-trekninga fredag skal gÄ fÞre seg.

– PĂ„ mange mĂ„tar undergrev dette kva idretten handlar om, fordi det heller skal handle om individet som blei valt som president.

Han og fleire andre ekspertar NRK har snakka med meiner Fifas val berre er ein forsmak pÄ kva vi har i vente fram til VM startar i juni.

Kennedy Center er det nasjonale senteret for kulturarv i USA. Alt frÄ opera til folkemusikk og teater har vore ein viktig del av senterets historie.

IfĂžlge ABC News betaler Fifa 75 millionar kroner for Ă„ leige Kennedy Center.

Da NRK var inne pÄ senteret onsdag, blei det jobba pÄ spreng for Ä fÄ alt klart til den storslÄtte seremonien fredag.* *

RAUD LØPAR: Her inne skal ei rekke prominente gjester gÄ inn til VM-trekkinga fredag.

HÞgt oppunder taket heng bÄde historiske amerikanske flagg og ei lang rekke nasjonale flagg, mens inngangen til trekningssalen nÄ blir prega av eit gigantisk neonskilt med Fifa-logoen.

Artistar som Tina Turner, The Who og U2 har fÄtt Êresprisen pÄ senteret.* *

Fredag skal Fifa-president Gianni Infantino og Donald Trump stĂ„ pĂ„ scena med idrettsgigantar som Tom Brady, Rio Ferdinand, Shaquille O’Neal og Wayne Gretzky.

SKAL PÅ SCENA: Tom Brady vant Super Bowl sju gonger. Her er quarterbacken med trofĂ©et etter sin siste triumf i 2021.

STOPPARLEGENDE: Rio Ferdinand vann Premier League seks gonger i sin tid i Manchester United mellom 2002 og 2014.

BASKETLEGENDE: Shaquille O’Neal var pĂ„ All-Star laget til NBA 15 gonger mellom 1993 og 2009 – berre tre spelarar har vore der fleire gonger i historia.

HOCKEYLEGENDE: Wayne Gretzky er av dei fleste regna som den beste ishockeyspelaren i historia. Her er han pÄ tennisturneringa US Open i New York i 2019.

Senteret har i mange Är stÄtt for inkludering og mangfald. SÄ overtok Donald Trump det ovale kontoret for sin andre periode som president.

I vÄr fekk styret og store delar av administrasjonen sparken. Trump sette inn eit nytt styre, fÞr han utnemnde seg sjÞlv som styreleiar.

KRITISK: Daniel Noroña er direktÞr i Amnesty USA.

– Da han sparka styret der, sende han eit signal om at det var hans stad, hans tid og bodskapen hans som skulle framhevast. Dessverre har dette fĂžrt til at Kennedy Center ikkje er det same som det var, seier Daniel Noroña i Amnesty USA til NRK.

– Det er tatt over av dagens administrasjon og blitt politisert av eit parti som om dei eig det. Dei bestemmer kven som kan opptre, kven kunsten sin som skal framhevast. Det er sensur pĂ„ nasjonalt nivĂ„, seier Watkins i NAACP.

Da Trump blei styreleiar, endra han ogsÄ kurs for senteret. IfÞlge nyheitsbyrÄet AP har fleire av Trumps nÊre allierte kritiserte senteret for Ä vere for liberale og «woke».

– Styret deler ikkje vĂ„rt syn for ein ny gullalder for kunst og kultur, skreiv Trump i sosiale medium ifĂžlge AP.

PRESIDENTAR: Ein stor byste av John F. Kennedy har fÄtt heidersplassen inne i Kennedy Center, senteret der Donald Trump nÄ er styreleiar.

– Eg vil beskrive det som autoritĂŠre haldningar i fri utfalding. Du har eit individ som trur han er ein konge og den eineherskaren som kan bestemme korleis bra kunst og kultur skal sjĂ„ ut i eit heilt land. Det er ikkje det eit demokrati skal representere. Det undergrev inkludering fullstendig, seier Watkins i NAACP.

Kursendringa fĂžrte til at fleire artistar trekte seg i protest og nektar Ă„ opptre i senteret.

NRK har stilt fleire spÞrsmÄl til Fifa om denne saka. Dei har forelÞpig ikkje svart.

VM: Donald Trump fÄr overrekt VM-trofeet av Fifa-president Gianni Infantino. Normalt er det berre lov for Fifa-presidenten og VM-vinnarar Ä halde trofeet, men Trump fekk unntak frÄ den regelen i sommar.

Opphavleg skulle trekninga vere i Las Vegas, der ho gjekk fÞre seg fÞrre gong USA arrangerte fotball-VM, men i haust endra Fifa lokasjon. Utan at nokon har fÄtt noka grunngiving for kvifor.

I sommar foreslo ein av Trumps partikollegaer Ä skifte namn pÄ senteret frÄ John F. Kennedy Memorial Center for the Performing Arts til Donald J. Trump Center for the Performing Arts.

Trump sjĂžlv sa at dei gjerne ville endre namnet, men at dei ikkje var heilt klare for Ă„ gjere det enda.

Den amerikanske borgarrettsunionen (ACLU) har gÄtt til fleire sÞksmÄl mot Trump for blant anna ekskludering av enkelte artistar og organisasjonar.

Nokre av sakene har dei vunne. DirektÞr i ACLU, Jamil Dakwar, meiner Fifa lÚt seg bruke av Trump nÄr VM-trekninga skjer der ho skjer.

– Vi tenker at Fifa mĂ„ vite kva som skjer. NĂ„r Trump-administrasjonen drar Fifa med til Kennedy Center sĂ„ prĂžver dei eigentleg ogsĂ„ Ă„ knyte Fifa til dei same haldningane som dei sjĂžlv stĂ„r for, seier Dakwar til NRK.

BORGARRETT: Jamal Watkins (til venstre) og Jamil Dakwar jobbar begge i organisasjonar som tar vare pÄ amerikanske borgarars rettar.

Alle dei tre ekspertane fryktar at VM 2026 vil bli brukt av Trump for Ă„ vise amerikansk suverenitet. Og dei fryktar at Fifa kjem til Ă„ heie fram akkurat det.

– Det vi ser er at Infantino og Fifa lukkar auga for kva som skjer her i USA. Vi ser ikkje at Fifa markerer kva dei stĂ„r for. Det mĂ„ handle om rettane til arbeidarane, menneskerettar og rettane til spelarane. Det ser ut som om det heilt blir glĂžymt og at dei berre ser pĂ„ kven som sit i Det kvite hus, seier Watkins.

VM-trekninga frÄ Kennedy Center ser du pÄ NRK1 fredag frÄ klokka 17.30.

📊 Metadata

Category: Fotball, Fotball-VM 2026, Idrettspolitikk
OpenGraph Title: VM-trekninga i Kennedy Center: Meiner Gianni Infantino blir brukt av Donald Trump
Twitter Title: VM-trekninga i Kennedy Center: Meiner Gianni Infantino blir brukt av Donald Trump