Herold

Trafikkulukke på Hemsedalsfjellet

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Renate Sæle Published: 2026-04-28 13:07:06
Trafikkulukke på Hemsedalsfjellet

Naudetatar rykte ut. Bilførar er send til sjukehus med luftambulanse.

Siste: Føraren av bilen er flogen i luftambulanse til sjukehus. Vedkomande var vaken og medviten, med ukjend skadegrad, opplyser Vest politidistrikt i loggen klokka 17.46. Politiet etterforskar saka.

110 Vest opplyste om ei trafikkulukke på Hemsedalsfjellet i Lærdal tysdag ettermiddag.

Det var eitt køyretøy involvert. Airbag vart utløyst, men det er ikkje røyk frå køyretøyet, opplyste 110 Vest ved 15-tida.

Operasjonsleiar Jan Børge Misje i Vest politidistrikt seier politipatrulje er på veg frå vestsida.

– Det dreier seg om ei utforkøyring med ein person involvert. Vedkomande er ikkje fastklemt og ute av bilen.

Misje opplyser at politiet fekk melding om ulukka via AMK.

Klokka 15.43 melde politiet at brannvesen og ambulanse er framme på staden. Det blei meldt om store materielle skader på køyretøyet. Førar blei sett til av ambulanse.

Klokka 16.15 var politiet på staden og har gjort undersøkingar. Det var då passasje på staden, oppdaterte operasjonsleiar Jan Børge Misje.

Vegtrafikksentralen opplyser til Sogn Avis at det var passasje på staden.

Operasjonsleiar seier til Sogn Avis ved 18-tida at bilførar er frakta til Ullevål sykehus. Ulukkeskommisjonen til Statens vegvesen er også varsla.

– Det blir gjort ved alvorlege trafikkulukker, seier Misje.

🏷️ Extracted Entities (7)

Hemsedalsfjellet (entity) Vest (entity) Jan Børge Misje (person) AMK (entity) Lærdal (place) Statens (entity) Ullevål (entity)