Inviterer butikktilsette til møte
Plus
Arbeidsgruppa for Demensvenleg samfunn Kvinnherad inviterer butikktilsette og serveringsstadar til informasjonsmøte.
I september i fjor sette ordførar Vegard Bjørnevik (H) sitt pennestrøk på ein avtale med Nasjonalforeningen for folkehelse, som sa at Kvinnherad kommune skulle jobba for å bli eit demensvenleg samfunn.
Dette arbeidet har kome i gang, og no inviterer arbeidsgruppa butikktilsette til informasjonsmøte om temaet.
«Tilsette ved butikkar er blant dei som møter personar med demenssjukdom der sjukdomen er på eit stadium der ein framleis bur heime. I lys av dette blir det invitert til informasjonsmøte om kva som kan vera med på å gjera butikkane til ein demensvenleg stad, og i det store bildet gjera Kvinnherad til eit meir demensvenleg samfunn å leva i», skriv kommunen på sine sider.
Kurset er meint å gje tips om korleis dei tilsette i serviceyrket kan møta den demenssjuke på ein måte som gjer det råd for dei å utføra vanleg kvardagsaktivitetar, som til dømes å handla.
Det blir skipa to rundar med møte. Den første går av stabelen tysdag 28. april i Kvinnherad bibliotek og den andre tysdag 5. mai i Steinparken.
«Det er Nasjonalforeningen for folkehelse som har utarbeidd kurset som leiar i Hukommelsesteamet Evelyn Mehl Willumsen med fleire vil halda», skriv kommunen.
Fekk klar beskjed då avtalen vart signert. No har arbeidet starta for fullt