Herold

Hit, men ikkje lenger: – Internt møte

Plus
Kilde: Hordaland Author: Ørjan Brattetveit Published: 2026-04-28 08:30:25
Hit, men ikkje lenger: – Internt møte

– Nei, dette er eit internt møte, svarar kommunalsjef Hans-Erik Ringkjøb når Hordaland spør om å få vera med på møtet om drifta av flyplassen på Bømoen.

Representantar frå heradet, brannvern, grunneigarane og aktørane på flyplassen samla seg på Voss brannstasjon måndag kveld for å drøfta drift av flyplassen på Bømoen for sesongen 2026.

Hordaland var på plass for å få innsyn i korleis status er for flyplassen i starten av ein usikker sesong, der vedtak om områdereguleringsplan, oreigningsvedtak og fleire rettssaker pregar kvardagen.

Kjem med offentleg referat

Etter møtet, som varte i ein time og førti minutt, utdjupar Hans-Erik Ringkjøb kvifor lokalavisa ikkje fekk vera med på møtet:

– Dette er eit internt møte for dei som driv og jobbar med flyplassen. Og då er det greitt at ein får lov til å setja seg ned og diskutera korleis me har drifta flyplassen. Då kunne me heller ha hatt eit ope møte der me orienterte i fellesskap. Men dette var eit internt møte med intern evaluering og me avklarte ansvar. Det tenkjer eg ikkje er veldig interessant for avisa.

– Jo, flyplassen er interessant for avisa.

– Flyplassdrifta, det skjønar eg. Det skal de få vita, det er ingen hemmelegheiter der. Men folk skal få sitja og dela erfaringar, så får me samla opp om det er noko informasjon som skal delast.

– Det var ikkje noko revolusjonerande som kom fram på dette møtet, seier kommunalsjefen.

Han opplyser at det vert skrive referat frå møtet, og at dette vert offentleg.

Mellombels drivstoffanlegg

– Med all uvissa rundt flyplassen no, vert det ein normal sesong i år?

– Dette møtet har vore som om det er ein ny sesong som står for døra. Me har gått gjennom alt av regelverk og kven som har ansvar for kva. Me evaluerte fjorårssesongen. Dei tinga som heng og dinglar og som mange er interessert i høyrde ikkje heime i dette møtet, men i heilt eigne prosessar, seier Ringkjøb og tenkjer på vedtak om reguleringsplan, vedtak om oreigning og uklarleikar knytta til idrettsområdet.

– Slikt vart ikkje teke opp på eit slikt møte. Dette var eit reint driftsmøte.

Men då har de snakka om drivstoff?

– Drivstoffanlegget me kan seia noko om er det mellombelse anlegget me fekk på plass i fjor og som skal nyttast i år. Me uttalar oss ikkje om andre aktørar.

Var Ekstremsportveko eit tema?

– Om Veko vart det opplyst at det er ein dialog om gjennomføringa.

Eit godt møte

Jan Fredrik Fleischer Tønjum i Voss flyklubb seier dette etter møtet:

– Eg opplever dette som eit godt møte. Det er mange gode partar som er med og skal drifta flyplassen vår. Dette var eit møte som handla mest om teknisk drift av flyplassen. Me tok dette i ein god dialog, og me hadde ein runde rundt bordet der alle fekk koma til ordet. Konfliktane rundt flyplassen var ikkje tema på dette møtet.

Dagleg leiar i Voss fallskjermklubb opplyser at han var ordknapp på møtet.

– Me let konfliktane liggja under dette møtet, seier Andreas Håland Hemli.

Olav Lægreid i Bømoen AS kom ut litt før møtet var slutt. Han snudde då han såg Hordaland sin journalist, og gjekk ein annan veg.

Derfor har ikkje Hordaland kommentarar frå grunneigarane i denne saka.

Millionsmell for Bømoen AS i tingretten. Høgsterett kasta ut Løne

🏷️ Extracted Entities (9)

Bømoen AS (organization) Hans-Erik Ringkjøb (organization) Voss (entity) Andreas Håland Hemli (person) Jan Fredrik Fleischer Tønjum (person) Løne (entity) Olav Lægreid (person) Var Ekstremsportveko (organization) Veko (entity)