Vossaminne frå den gong då
Plus
Arnfinn Haga mimrar om tida på Voss.
Voss stasjon - 57 meter over havet. Det var det fyrste eg festa meg ved då eg steig ned på perrongen seinsumaren 1954. Eg voks opp ved havet, kanskje difor.
- Det var året då Veikko Hakulinen tok gullet på femmila i Holmenkollen, Anti Hyvärinen i hopp og Sverre Stenersen i kombinert.
Den fyrste vinteren min på Voss var det både utfor og stort hopprenn i Bavallen. I hopp deltok Simon Slåttvik, han som lenge knivast med finnen Heikki Hasu i kombinert. Det fall seg slik at eg vart ståande rett bak Simon Slåttvik medan han stod og venta på andre omgang. Han tok seg ein blås.
Dette var stort å sjå for ein kystbu. I utfor deltok den europeiske eliten, med austerrikaren Christian Pravda i spissen. Likevel: Det som gjorde mest inntrykk, var at brått og uventa kom den «lokale» gymnasiasten Jørgen Rokne fresande ut or skogen. Då skjøna me kva slags selskap me var komne i, me som gjekk på landsgymnaset.
«Any teachers around?»
På gymnaset stima hallingdøler, vesser, sogningar, sunnhordlendingar, nordhordlendingar og meir attåt.
Underskrivne gjekk på norrønlina. Der kom han i lag med Magne Myhren frå Skurdalen, den seinare så kjende hardingfele-spelaren. Det vart alltid liv i kåken når Magne letta på døra. Ein annan var Hans Grove frå Raundalen, gryande sosialdemokrat og kvass i ordskifte.
Kjell Mølster var - som namnet seier - frå Voss. Han vart tannlege, men gjekk bort altfor tidleg. Eg må nemna eit par frå andre liner. Dei eg tenkjer på, vart forresten bokstaveleg eit par: Andi Midttun og Jakob Hjeltnes. Me har mykje å takka dei for. I markeringane me har hatt ved runde år, har dei to alltid stått sentralt i mottakskomiteen. Dei opna òg heimen sin for oss alle.
Ein laurdagskveld me skulle på dans i gymsalen, råka me Jakob ved porten. «Any teachers around?» spurde han. Nei, ingen hadde sett skimten av teachers, noko fleire av oss var glade for.
Lærdom for livet
Norsklæraren vår var Olav Høyland frå Kvinesdal. Einar Mørkeset frå Ålesund trimma oss i moderne engelsk. Han var òg klassestyraren vår. Dei var pedagogar av sjeldsynt merke, på kvar sin måte.
Høyland hadde stor sans for ord og vendingar. I stilane hende det nok at me spedde på med nokre kraftsatsar. Det tolte han godt, berre satsane var plasserte på rette staden og rette måten.
Men me måtte ikkje ha for mykje av det slaget. Moderat i ord og sterk i sak, det var idealet. Når eg sit og skriv, høyrer eg røysta hans framleis.
Han kom inn i klasserommet og kasta eit auga utover pultrekkjene før han tok til ords. Då måtte me stundom tenkja på Humphrey Bogart.
Einar Mørkeset hadde ein viss militær bakgrunn. Det merkast på ferdalaget. Han var ryddig og kontant. No og då small det i veggene, men humoren var aldri langt borte.
Hadde me kome for seint tre gonger, vart det parade. Då måtte me møta uvanleg tidleg hjå vaktmeisteren. «Da va’ eit mistak,» prøvde eg ein gong eg kom for seint tredje gongen. «Mistak? Det va‘ tredje mistaket på kort tid det,» kvitterte Mørkeset.
Ein gong hadde eg valet mellom å halda fram som lektor eller satsa på eit meir uvisst forfattarliv. Einar Mørkeset sa til oss i sin avslutningstale i festsalen: «Ta sjansen!» Dei orda var med og avgjorde valet.
Einar Mørkeset døydde i 2003 og Olav Høyland i 2006. No tynnest det mykje i rekkjene hjå oss elevane frå den gongen. Me som enno lever, strekar etter kvart 90.
Det er eit drag av vemod over all jordisk vandring.
Slik blir årets russefeiring: – Me blir prøvekaninar 70 lag påmelde: Her brakar det laus i ettermiddag Tre blad Hjeltnes – pluss mamma Andi