Det er urimeleg å bagatellisere konsekvensane av høge drivstoffprisar
Det var interessant å høyre leiaren i MDG på politisk kvarter den 27.04.2026. Han var i harnisk over at eit fleirtal i Stortinget gjennom ei midlertidig ordning prøvar å dempe konsekvensane av den store kostnadsveksten på drivstoff, både for private og for næringslivet. Han vil ha kraftige kutt i kollektivprisane fordi Stortinget gjorde bensin og diesel billigare. Dei som ikkje har omstilt seg til elbil eller har tenkt å gjere det får for mykje merksemd, sa han, og dei som køyrer mest fossilbil er dei som tener mest pengar. Dette er det mange som ikkje kjenner seg att i.
MDG vil ha permanent billigare månadskort på kr 499. Det er bra for dei som har eit kollektivtilbod, men det er det på langt nær alle som har. I Skjåk, der eg bur, har vi lokalt berre skulebussen som går morgon og ettermiddag, det er nokre regionale ruter i løpet av dagen og ein ekspressbuss som er svindyr innimellom.
Vi har berre eitt tog, og det er 17. mai-toget. Trikk og T-bane er det heller skralt med. Da er det lite sosialt omfordelande å subsidiere eit månadskort for oss. Skulle du ha eit ærend tur-retur Lillehammer med ein bil som brukar 0,5 liter på mila og prisen var 25 kroner literen, ville kostnaden inkludert bompengar bli på ca. 750 kroner. Det kan vere mange grunnar for å køyre tur-retur Lillehammer. I tillegg treng mange i distrikta å køyre på arbeid, for ulike andre ærend og fritidsaktivitetar.
Om du er matprodusent og skal pløye 100 daa, vil det koste deg ca. 7000 kroner berre i drivstoff. Om du da går utifrå at du pløyer ca. 10 daa i timen er det ein timepris på 700 kroner!
Skal ein lastebil køyre varer frå Skjåk til Oslo vil det med eit relativt normalt snittforbruk koste ca. 5000 kroner inkludert bompengar ein veg, og så skal bilen attende også. Skal vi bygge vegar eller hus treng vi ofte ei gravemaskin og kostnaden for å halde ei hjulgåande maskin på ca. 17 tonn i drift ein dag med eit forbruk på 9–10 liter i timen er på nesten 2000 kroner.
Dette er alle næringar med små margin og om drivstoffprisen er 25, 20 eller mindre, så betyr det mykje på botnlina og forutsigbarheita. Løysingane for el er ikkje på plass enda og konkurransen med utanlandske selskap og varer er stor.
Det er mange som kunne tenkje seg å byte til elbil, men det blir for dyrt å kjøpe ein som har lang nok rekkevidde for distriktsbehov og mange har ein fullt oppegåande dieselbil dei vil «bruke opp». Samtidig er det mange som har investert i elbil og fleire vil det bli. Landbruket og anleggs- og transportbransjen driv også med omstilling så langt det lar seg gjere, men enn så lenge er mange avhengige av fossilt drivstoff.
Da er det urimeleg av MDG å bagatellisere konsekvensane av høge drivstoffprisar og svare med å subsidiere enda meir kollektivtrafikken som stort sett er å finne i byane. I statsbudsjettet vart det løyvd meir midlar til kollektivtrafikken, og det var bra. Men vi må ta inn over oss realiteten og det er at mange framleis er avhengig av fossilt drivstoff for å få både kvardagen til den enkelte og landet til å gå rundt.
Når MDG nå vil subsidiere ned prisen på månadskort enda meir, blir det for fylkeskommunane spennande å sjå kor mykje vi må kutte i kollektivtrafikken for å halde tritt med kostnadsveksten innafor dei rammene vi har. Dessverre veit vi at det som oftast er rutetilbodet i distrikta som blir kutta fyrst og da har ein ikkje anna val enn å ta bilen fatt.