Herold

Melder Syden-temperaturar på Voss

Plus
Kilde: Hordaland Author: Tonje Oliversen Published: 2026-04-28 12:00:07
Melder Syden-temperaturar på Voss

– Det gjeld å nyta desse dagane før helga, og å maksa dei!

Om vêrmeldinga slår til blir det over ti grader varmare på Voss enn på Gran Canaria denne veka.

– Torsdag og fredag er dei finaste dagane med temperaturar over 20 grader. Det kan bli to skikkeleg fine dagar!, seier meteorolog Aslaug Skålevik Valved.

Varmast torsdag

Temperaturane vil krypa oppover gjennom veka før dei når toppen torsdag.

– Det blir 13 grader tysdag og opp mot 17 grader onsdag. På natta blir det ned mot éi grad. Det er stor døgnvariasjon.

Torsdag viser meldinga reine Syden-stemninga på Voss med heile 25 grader i vente.

– Det gjeld å nyta desse dagane før helga, og å maksa dei, seier Valved.

– Ta omsyn

Det er ikkje sendt ut farevarsel for skogbrannfare på Voss, men meteorologen oppmodar likevel folk til å ta omsyn til det generelle bålforbodet.

– Det tørre graset etter vinteren er lettenneleg.

I løpet av helga er det venta eit vêrskifte, og det vil bli skyer og regn.

– Det blir ikkje sånn dyvått heile helga, men fyrste del av laurdagen.

Smartembed for https://services.api.no/api/componenthub/v1/dashboard?component=reels-carousel_reelsCarousel&publication=www.avisa-hordaland.no&tag=reel&title=Har+du+f%C3%A5tt+med+deg+desse%3F&limit=20&source=www.avisa-hordaland.no

🏷️ Extracted Entities (4)

Voss (entity) Syden (entity) Aslaug Skålevik Valved (person) Gran Canaria (person)