Herold

Riksantikvaren vil forby dronar over stavkyrkja i Røldal

Plus
Kilde: HF Author: Eivind Dahle Sjåstad Published: 2026-04-27 09:56:00
Riksantikvaren vil forby dronar over stavkyrkja i Røldal

Riksantikvaren søkjer Luftfartstilsynet om eit permanent droneforbod over 27 av Noregs 28 stavkyrkjer. Bakgrunnen er aukande droneflyging ved dei historiske byggverka, som skapar uro for skadar og brannfare.

Dei norske stavkyrkjene, der dei eldste er nærare 900 år gamle, er blant landets mest verdfulle kulturminne og betydelege turistattraksjonar.

Med aukande besøkstal har stavkyrkjeeigarane registrert ei markant auka i droneaktivitet rundt kyrkjene.

– Stavkyrkjene er i aukande grad turistmagnetar. Med aukande besøkstal, ser stavkyrkjeeigarane at stadig fleire flyg drone rundt kyrkjene. Det har òg vore uhell ved stavkyrkjer som følge av droneflyging, men førebels har ikkje dette fått alvorlege konsekvensar, seier Marianne L. Nielsen, direktør for kulturminneavdelinga hjå Riksantikvaren.

Marianne L. Nielsen

Eit uhell med ei drone kan få alvorlege følger for dei sårbare bygningsdelane som spir, glas og utskjeringar. I tillegg utgjer dronane sine litiumbatteri ei betydeleg brannfare dersom dei vert skada og sjølvantenne, særleg om ei drone skulle krasje inn i kyrkja.

– Om ei drone styrtar og hamnar på eit tak eller inne i eit klokketårn. Dette vil vi unngå for kvar pris., utgjer det ei betydeleg brannfare, understrekar Nielsen

Søknaden omfattar luftromsrestriksjonar heile året, med ein minimumsradius på 100 meter for dei fleste kyrkjene. Enkelte kyrkjer, som Heddal og Gol, ønskjer større forbodssoner.

Det vert lagt opp til unntak for til dømes vedlikehaldsarbeid og profesjonelle fotografar etter godkjenning frå kyrkjeeigar, og for grunneigarar på eiga eigedom.

Desse kyrkjene ønsker droneforbod

🏷️ Extracted Entities (7)

Marianne L. Nielsen (person) Røldal (place) Gol (entity) Heddal (place) Luftfartstilsynet (entity) Noregs (entity) Riksantikvaren (entity)