1. mai – kven er eigentleg dagen for?
Plus
Kjære lesar: 1. mai blir kvart år løfta fram som ein dag for kamp, rettferd og moglegheiter for «vanlege folk». Men det er på tide å stille eit ærleg spørsmål: Kven er eigentleg desse «vanlege folka» i dagens Noreg?
For når eg ser rundt meg, ser eg ikkje makteliten. Eg ser folk som står opp tidleg, som køyrer lange avstandar til jobb, og som held hjula i gang kvar einaste dag. Eg ser folk som betaler meir i avgifter, straum og drivstoff, men som sit igjen med mindre.
Og då må vi spørje: Er det desse menneska politikken prioriterer?
Realiteten er at mange som står på, opplever det motsette. Avgiftene aukar. Krava blir fleire. Fridomen i kvardagen blir mindre. Det blir som å springe fortare og fortare, utan å kome fram.
- mai har lange tradisjonar i arbeidarrørsla. Men i dag opplever mange at dagen ikkje lenger er samlande. Snarare har han blitt ein arena for einsidig politisk bodskap. 1. mai framstår ofte meir som ein dag for venstresida sine parolar enn som ein dag for alle som jobbar og skapar verdiar i dette landet.
Det er verdt å merke seg at heile 7 av 10 nordmenn i praksis behandlar 1. mai som ein vanleg fridag. Mange brukar dagen til heilt andre ting enn politiske markeringar. Samtidig meiner FpU at dagen har spela ut rolla si som offentleg høgtidsdag og at vi heller burde løfte fram 8. mai nemleg frigjeringsdagen, som ein nasjonal dag vi faktisk kan samlast om.
For kva slags dag er det vi prioriterer? Ein dag prega av politiske parolar eller ein dag som markerer slutten på okkupasjonen av Noreg, og heidrar dei som kjempa for fridomen vår?
Det betyr ikkje at respekt for arbeid ikkje er viktig tvert imot. For meg er det heilt grunnleggande. Respekt for dei som står opp kvar dag. For dei som skapar verdiar. For dei som tek risiko og byggjer lokalsamfunn.
Men nettopp derfor må vi også snakke om kvardagen deira. Er det rettferdig at du jobbar meir, men sit igjen med mindre? Er det rettferdig at ungdom slit med å kome seg inn på bustadmarknaden? Er det rettferdig at det er blitt vanskelegare å spare til eigen bustad? Og er det rettferdig at distrikta stadig blir nedprioritert?
I Distrikts-Noreg veit vi kva det vil seie å vere avhengig av bilen. Vi veit kva det kostar når avgifter aukar og avstandane er store. Og vi veit at utan sterke lokalsamfunn, så har vi ikkje eit sterkt Noreg.
Derfor treng vi ein politikk som gjer det lettare å jobbe, ikkje vanskelegare. Som gjer det enklare å starte og drive bedrift. Som gjer det mogleg å leve gode liv også utanfor dei største byane.
Politikk skal ikkje gjere kvardagen tyngre enn nødvendig. Han skal gjere det enklare for folk å skape sine eigne liv. Til slutt handlar dette om eit grunnleggjande val: Vil vi ha eit samfunn der politikarane bestemmer meir og meir?
Eller eit samfunn der folk får bestemme meir sjølve?
Eg veit kva eg meiner. Vi må tilbake til ein politikk som stolar på folk. Som løftar dei som står på og som gjer det lønsamt å arbeide.
Kanskje er det nettopp det som burde vere bodskapen ikkje berre 1. mai, men kvar einaste dag.