MC i trafikkulykke på Nordfjordeid
Plus
Førar har forlate staden.
– Uvisst kvifor, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik.
Klokka 12.43 tysdag fekk Vest politidistrikt melding om at ein MC hadde sklidd på grusen på Torheimsvegen på Nordfjordeid.
– Det var berre førar på motorsykkelen.
Politiet er på staden, ambulanse er på veg.
– Vi søker etter førar, men har ingen mistanke om at vedkommande er alvorleg skadd, seier Hausvik klokka 13.18.
Klokka 14.18 sa Hausvik at politiet framleis ikkje hadde fått tak i føraren på mobilen.
– Det er mogleg at føraren har dårleg samvit for noko, det veit vi ikkje. Men skilta på motorsykkelen er attrådd avskilta, det kan ha noko med saka å gjere, seier han.
Klokka 14.45 melde politiet at førar ikkje er funnen, at motorsykkelen er fjerna og at politiet no avsluttar på staden.
Saka blir oppdatert.