Herold

Elkem kan kutte ein prosent av Noregs klimagassutslepp med nytt biokarbon-prosjekt

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Linda Regina Bruvik Published: 2026-04-28 12:15:00
Elkem kan kutte ein prosent av Noregs klimagassutslepp med nytt biokarbon-prosjekt

Enova har tildelt nesten 87 millionar kroner til Elkem, til det som kan gi betydelege klimagasskutt for Norge.

– Det er ikkje kvar dag vi ser klimaprosjekt av denne storleiken i Noreg. Elkem sin vilje til Ă„ satse pĂ„ grĂžn omstilling er inspirerande. Klimaendringane skjer her og no, og vi er heilt avhengige av Ă„ ha med industrien dersom vi skal lukkast i omstillinga til eit lĂ„gutsleppssamfunn, seier klima- og miljĂžminister Andreas Bjelland Eriksen.

– MĂ„let er at halvparten av kolet som blir brukt i Elkem sin silisiumproduksjon frĂ„ 2030, kjem frĂ„ fornybare tremateriale i staden for fossile kjelder. Prosjektet er krevjande, og vil leggje til rette for Ă„ kutte klimagassutslepp med ein halv million tonn CO₂ per Ă„r dersom det lukkast. Det tilsvarer ein dryg prosent av dei totale utsleppa i Noreg, seier prosjektansvarleg i Enova, StĂ„le KvernrĂžd.

Totalbudsjettet for prosjektet er pÄ 242 millionar kroner, der Elkem investerer alt sjÞlv utanom 87 millionar i Enova-stÞtte.

StĂžvar og kan ta fyr

Med sine fem smelteverk i Noreg lagar Elkem silisiumprodukt. Produksjonen stÄr for heile to prosent av dei samla klimagassutsleppa i Noreg. Dei har klart Ä ta i bruk treflis i ein fjerdedel av produksjonen sin. Fordi omnane ikkje toler enda meir treflis, skjer framleis 75 prosent av produksjonen med fossilt kol.

MÄlet med det nye prosjektet er Ä auke delen fornybart tremateriale gjennom pellets av biokarbon.

Det er i dag ikkje mogleg Ä kjÞpe pellets av biokarbon med rett kvalitet til bruk i smelteverka. Elkem skal derfor no teste nye variantar av pellets med trebasert kol frÄ ulike leverandÞrar. MÄlet er Ä finne ein type biokarbon som bÄde fungerer godt i silisiumproduksjon, og er trygg Ä bruke. Biokarbonet som finst i dag utgjer ein risiko, fordi det stÞvar og kan ta fyr av seg sjÞlv.

– Biokarbon er ei av dei viktigaste brikkene for Ă„ kutte utslepp frĂ„ silisiumproduksjon. For at vi i Elkem skal kunne auke delen biokarbon i produksjonen, treng vi bioprodukt som er tilpassa for bruk i vĂ„re smelteomnar med hĂžg temperatur. Vi set stor pris pĂ„ stĂžtta frĂ„ Enova, som gjer at vi kan lĂžfte klimasatsinga vĂ„r vidare og utvikle konkurransedyktige lĂžysingar som bĂ„de Elkem og prosessindustrien treng, seier Grim Terje Øberg, prosjektansvarleg for Elkem.

Kan bli attraktivt globalt

Dersom prosjektet lukkast, vil teknologien vere attraktiv for smelteverksindustri bÄde i Noreg og globalt, og skape arbeidsplassar og verdiar ogsÄ utover klimagasskutta man siktar mot innan 2030.

– Alle norske og internasjonale smelteverk har dei same utfordringane som Elkem, med omfattande klimagassutslepp pĂ„ grunn av stor bruk av fossilt kol. Gjennom fleire Enova-stĂžtta prosjekt blir det no jobba med Ă„ finne lĂžysingar som erstattar det fossile kolet, og lukkast dette, vil tydinga bli enorm, seier StĂ„le KvernrĂžd i Enova.

Firdaposten besĂžkjer... Elkem

đŸ·ïž Extracted Entities (8)

Noreg (entity) Elkem (entity) Enova (entity) StĂ„le KvernrĂžd (person) Andreas Bjelland Eriksen (person) CO₂ (entity) Grim Terje Øberg (person) Norge (entity)