Herold

Erling Braut Haaland skåra mål nummer 100 i Premier League

Kilde: NRK Author: Åsne Margrete Kleiv Published: 2025-12-02 19:47:35 Last updated: 2025-12-02 20:07:05
Erling Braut Haaland skåra mål nummer 100 i Premier League

Nordmannen er med det tidenes raskaste til å nå det magiske talet.

Statistikk frå Erling Braut Haaland sine 100 Premier League-mål:

Alt låg til rette for ein historisk dag då Manchester City møtte Fulham tysdag.

Erling Braut Haaland trong berre eitt mål mot London-klubben for å bli den raskaste spelaren til 100 mål I Premier League.

– Det er så vilt. Han er så vidt i gang med sin fjerde sesong i Premier League, og han når den milepælen før ein tredel er spelt. Det skal eigentleg ikkje vere mogleg, seier NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

Mål nummer 99 kom mot Liverpool tidlegare i november.

– Me har slutta å bli overraska, men det gjer det ikkje mindre imponerande. Han er utvilsamt den beste målskåraren i verda, seier Torp.

Det tok Haaland 111 kampar å nå tresifra tal på skåringar i den engelske toppdivisjonen. Han slo dermed den gamle rekorden med god margin.

MÅLMASKIN: Kanonsesongen til Erling Braut Haaland heldt fram då City møtte Fulham tysdag.

Rekorden har tilhøyrt Alan Shearer, som trong 124 kampar på å nå 100 mål.

Grav deg ned i Haaland sin målstatistikk i Premier League:

Fordeling av mål per kvarter:

Nummer 100 kom etter 17. minutt spelt. Eit skot med venstrefoten, som går rett over hovudet på Fulhams Leno.

Målet er Haaland sitt 15. mål denne sesongen på 14 kampar.

Målet kunne kome alt etter seks minutt spelt. Jærbuen kom aleine mot keeper, men skaut ballen i venstre stolpe. Dryge ti minutt etter fekk han gjere opp for seg.

– Han varma opp litt med å setje han på innsida av stolpen. Det er som når du skyt deg inn på Landsskytterstevnet og sett han i blinken kvar einaste gong. Alle ord er eigentleg brukt opp om Erling Braut Haaland, seier Viaplays ekspertkommentator Nils Johan Semb.

NÆRE: Haaland vart nære å skåre etter seks minutt spelt, men skaut i stolpen. Ti minutt etter, sat ballen i nettmaskene.

  • Heimemål: 57
  • Bortemål: 43
  • Med venstrebeinet: 71
  • Med høgrebeinet: 12
  • Med hovudet: 17
  • Mål på fyrste berøring: 70 (17 straffer)
  • Mål på andre berøring: 13
  • Mål på tredje berøring: 8
  • Mål på fjerde berøring: 5
  • Mål på femte berøring: 4

📊 Metadata

Category: Fotball, Premier League 2025/2026, Erling Braut Haaland
OpenGraph Title: Historisk Haaland med hundre mål i Premier League
Twitter Title: Historisk Haaland med hundre mål i Premier League