Herold

No opnar Trollstigen for trafikk

Kilde: NRK Author: Trond Vestre Published: 2026-04-27 09:46:02 Last updated: 2026-04-27 11:24:15
No opnar Trollstigen for trafikk

Klokka 12 mÄndag blei Trollstigen opna for trafikk. Aldri fÞr har den populÊre turiststaden opna sÄ tidleg.

– Det er jo litt stas Ă„ vere her nĂ„r bommen gĂ„r opp. Om eg er fĂžrst eller nummer to spelar ikkje sĂ„ veldig stor rolle. Men det er litt stas Ă„ vere fĂžrst.

Motorsyklisten Johannes Stokke frÄ Eidnes i Sula var pÄ plass ein time fÞr bommen pÄ Trollstigen opna. Det er ikkje fÞrste gong det skjer. Han har gjort det til ein tradisjon Ä vere ein av dei fÞrste i kÞen.

Og Trollstigen betyr mykje for Johannes Stokke.

– Eg er veldig fascinert av Trollstigen. Eg har alltid syntest det har vore spektakulĂŠrt Ă„ kĂžyre her. SĂ„ eg kĂžyrer mange turar over Trollstigen om sommaren.

Johannes Stokke sto fÞrst i kÞen dÄ bommen opna.

Starten pÄ sommarsesongen

For det lokale reiselivet er dette ein stor dag. Styreleiar i Rauma Reiseliv, Kristine RĂžnning opna bommen

Opninga av Trollstigen er noko ein merkar godt lokalt. Dette er startskotet for sommarsesongen. seier styreleiaren i Rauma Reiseliv, Kristine RĂžnning.

– Det er jo veldig artig. Men ein gong Trollstigen opnar sĂ„ ringer telefonen og folk kjem. Ein merkar pĂ„ energien at no har sommarsesongen starta.

Styreleiar i Rauma Reiseliv, Kristine RÞnning, seier dei merkar nÄr Trollstigen har opna.

Har jobba pÄ spreng

BrĂžytemannskapa har jobba pĂ„ spreng for Ă„ gjere vegen over Trollstigen klar for trafikk. Det store spenningsmomentet har vore vĂȘret.

Men det har vore ein vinter der vĂȘrgudane stort sett har vore pĂ„ brĂžytemannskapa si side.

– Vinteren har vore snill med oss i Ă„r. FĂžr pĂ„ske var det nesten heilt bart pĂ„ vegen. Utfordringa har vore den snĂžen som kom i pĂ„ska, seier byggjeleiar Roar Vikhagen i MĂžre og Romsdal fylkeskommune.

Ein fornĂžgd byggjeleiar Roar Vikhagen koste deg under opninga av Trollstigen.

No i helga var det igjen varsla snĂž. Og snĂžen kom. Det la seg 30–40 centimeter pĂ„ toppen av Trollstigen. BrĂžytemannskapa mĂ„tte i aksjon igjen.

Men no er det klart for rekordtidleg opning av turistikonet. Den tidlegare rekorden var 8. mai.

Det er vanlegvis stor pÄgang og lange kÞar nÄr Trollstigen opnar for vÄren. Turistane vil gjerne sikre seg ein plass i kÞen under opninga. Spenningsmomentet har vore om det kjem like mange med rekordtidleg opning i Är.

BrÞytemannskapa har stÄtt pÄ for Ä fÄ ein tidleg opning av Trollstigen. Bilete er frÄ midten av april.

SpektakulĂŠrt

Men utover vÄren og sommaren er det venta stor tilstrÞyming av norske og utanlandske turistar som vil oppleve den spektakulÊre staden. For Trollstigen er svÊrt populÊr.

– Det er fjell og svingane som er verdskjende. Det har vore mykje reklame om Noreg og noregsferie, det er spektakulért der. Det er ein fantastisk stad, sa Vikhagen i fþrre veke.

Rundt ein million menneske besĂžkjer Trollstigen kvar sesong.

OrdfÞraren i Rauma kommune, Yvonne Wold (SV) har sagt at ho hÄpar pÄ nye besÞksrekord med rekordtidleg opning.

– Vi gler oss over tidleg opning og hĂ„per vi det gir gode moglegheiter til aktivitet tidleg og seint.

Stengd veg pÄ grunn av ras

Dei siste Ära har ras og rasfare vore ein stor utfordring i Trollstigen. Steinar som har rasa ut har fÞrt til at vegen har vore jamleg stengd.

Stein som rasar ut har jamleg fĂžrt til at vegen har vore stengd.

I 2024 blei vegen stengd i eit heilt Är etter at ein bil blei rÄka av ein steinblokk. Det skjedde berre ti dagar etter at vegen hadde blitt opna.

Omfattande sikringsarbeid gjorde det mogleg Ă„ opne vegen igjen. Men meir varige tiltak i Trollstigen vil krevje bompengar.

Steinras har gjort det naudsynt med omfattande sikringsarbeid i Trollstigen.

– Bruk vinterdekk

Men no er det snĂžen som er utfordringa. Og sjĂžlv om vegen er opna for trafikk kan kĂžyreforholda bli krevjande.

– Det er bar veg no. Men det skiftar fort, og platĂ„et ligg 800 meter over havet. SĂ„ ein bĂžr ha vinterdekk. Og inn mot helga er det meld snĂž sĂ„ vi fĂ„r sjĂ„ kor lenge vi kan halde vegen ope. Kjem det snĂž blir det dĂ„rleg sikt og dĂ„ kan det hende at vi mĂ„ stengje igjen.

đŸ·ïž Extracted Entities (16)

Trollstigen (entity) Rauma Reiseliv (person) Kristine Rþnning (person) Motorsyklisten Johannes Stokke (person) Mþre og Romsdal 📁 (category) Norge 📁 (category) Reiseliv i Mþre og Romsdal 📁 (category) Reiseliv og turisme 📁 (category) Roar Vikhagen (person) Trollstigen 📁 (category) Eidnes (place) Mþre (entity) Noreg (entity) Romsdal (place) Sula (entity) Yvonne Wold SV (organization)

📊 Metadata

Category: MĂžre og Romsdal, Trollstigen, Reiseliv og turisme, Norge, Reiseliv i MĂžre og Romsdal