Herold

Russisk oljeraffineri i brann etter ukrainsk angrep

Kilde: NRK Author: Helga Tunheim Published: 2026-04-28 07:39:35 Last updated: 2026-04-28 09:40:32
Russisk oljeraffineri i brann etter ukrainsk angrep

Det er tredje gong på kort tid at dette anlegget i den russiske byen Tuapse ved Svartehavet har blitt angripe av ukrainske dronar.

Igjen har oljeraffineriet i den russiske byen Tuapse blitt angripe av ukrainske dronar.

Lokale styresmakter bekreftar hendinga til nyheitsbyrået Reuters.

Evakueringa av raffineriet held på tysdag formiddag, ifølge guvernør Venjamin Kondratjev.

I dei russiske statsstyrte media blir det opplyst om ein brann og at fleire bustadhus i nærleiken blir evakuerte, men ikkje kor stor brannen er eller kor store skadeverknader som er blitt påført oljeraffineriet og utskipingshamna.

Kreml seier tysdag at naudsynte tiltak blei tekne i kjølvatnet av eit ukrainsk droneangrep på det russiske oljeraffineriet i Tuapse. Droneangrepet forårsaka ein «storskala brann» ved raffineriet ved Svartehavet, noko som tvang evakuering av bygningar i nærleiken.

Fleire angrep

Oljeraffineriet i Tuapse har fleire gonger dei siste vekene vore råka av angrep.

Angrepa har ifølge russiske styresmakter tidlegare forårsaka oljeutslepp til sjøs og ein brann det tok fleire dagar å sløkke.

Dette satellittbildet er tatt 17. april 2026.

Ifølge kjelder Reuters har prata med, måtte raffineriet stanse drifta 16. april etter eit droneangrep.

Ei viktig hamn

Tuapse er ei viktig utskipingshamn for russiske oljeprodukt.

Det er ein av dei største oljeterminalane ved Svartehavet og eit knutepunkt for leveransar av råolje til stader utanfor.

Raffineriet har ein produksjonskapasitet på rundt 240.000 fat per dag.

Belgorod

Tysdag blir det også meldt om et droneangrep i Belgorod ved grensa til Ukraina. Tre personar skal vere drepne og tre såra, ifølge Belgorod-guvernør Vjatsjeslav Gladkov.

Ukraina har trappa opp angrepa mot Russland sidan mars.

🏷️ Extracted Entities (9)

Tuapse (entity) Russland 📁 (category) Svartehavet (entity) Urix 📁 (category) Reuters (entity) Belgorod (entity) Belgorod-guvernør Vjatsjeslav Gladkov (organization) Russland (place) Ukraina (entity)

📊 Metadata

Category: Russland, Urix