Toroms med balkong – og rundkøyring
Plus
Når offentlege investeringar blir integrert i bustadprosjekta, aukar kostnadane dramatisk for utbyggjar.
Rundt om i Kommune-Norge kjøper du ikkje lenger berre ein bustad. Du kjøper også ein bit av kommunen sin infrastruktur; til dømes ei rundkøyring, ein sykkelsti eller ein busshaldeplass.
Når ein førstegangskjøpar signerer kontrakt på til dømes ei toroms leilegheit, følgjer det ofte med ein usynleg pakke: Rundkøyringar, sykkelvegar, parkar, busshaldeplassar og leikeplassar. Ikkje gjennom skattesetelen, men baka inn i bustadprisen.
Gjennom utbyggingsavtalar blir nemleg private utbyggjarar pålagde å finansiere langt meir enn lovpålagd veg, vatn og avløp. Det handlar altså ikkje berre om naudsynte tilknytingar; – men om generell infrastruktur som kommunen ønskjer seg. Dette kjem heile byen eller tettstaden til gode, altså noko kommunane sjølve burde betale for.
Denne praksisen har eskalert kraftig dei siste ti–femten åra, og den er reell i heile landet. Men i storbyane har den «løpt fullstendig løpsk», noko som kostar bustadkjøparar tusenvis av ekstra kroner.
For når offentlege investeringar blir integrert i bustadprosjekta, aukar kostnadane dramatisk for utbyggjar. Denne ekstrakostnaden blir då lagt til bustadprisen. I større byar kan ekstrabelastninga vere fleire tusen kroner pr. rutemeter. For ei vanleg leilegheit snakkar vi om hundretusenvis av kroner i tillegg; – før nokon har flytta inn.
Dette fører også til at fleire bustadprosjekt blir ulønsame, og mange prosjekt let seg rett og slett ikkje realisere. Risikoen blir for høg for utbyggjar, marginane for små, og «spaden blir ståande i bua».
Resultatet er ein bustadmarknad der:• Færre bustader blir bygd• Prisane blir pressa opp• Førstegangskjøparar blir skvisa ut
Vi har regulerte tomtar og stort bustadbehov kringom i mange kommunar. Det vi manglar, er prosjekt som toler kommunen sine ekstrakrav; som ikkje inneheld kostnader som det offentlege sjølv skulle tatt.
Dette blir gjerne omtalt som samarbeid mellom kommune og utbyggjar. Det er misvisande. I realiteten er dette ein særskatt på nye busteder som huskjøpar må ta.
Når kostnader som skulle vore finansiert over offentlege budsjett blir lagt direkte på dei som treng ein ny heim, får vi det motsette av det politikarane seier dei vil ha: Vi får færre bustader og høgare prisar, bustader som vanlege folk ikkje har råd til å kjøpe.
NHO Byggenæringen har åtvara mot denne utviklinga lenge. No må det handlast. Det offentlege si moglegheit til å skyve dei såkalla infrastrukturkostnadene over på bustadbygginga må stoggast no!, og ansvaret for kommunal infrastruktur må tilbake til det offentlege, til kommunane.
Om vi vil ha fart på bustadbygginga igjen, og syte for at fleire har råd til å kjøpe seg ein heim, kan vi ikkje halde fram med å legge kostnadane for rundkøyringar, sykkelstiar, parkar og busshaldeplassar, etc. inn i prisen på bustader.
Nå må kommunepolitikarane ta ansvaret sitt, og syte for at eigne innbyggjarar får råd til å kjøpe seg sin eigen heim!