Herold

Må ein verkeleg hive bosset sitt ut bilvindauget?

Plus
Kilde: Firda Author: Roy Sunde Published: 2026-04-27 17:28:43
Må ein verkeleg hive bosset sitt ut bilvindauget?

Når ein går langs vegane kan ein både bli sur, overraska og sint over kva folk sleng frå seg.

Etter ein kognitiv svikt i fjor fekk eg ein hund. Hundar må luftast, fleire gonger for dagen. Som ei følge av dette har talet timar eg går til fots auka kraftig.

Å gå på tur er i seg sjølv ein fin ting. Så lenge ein taklar å plukke hundebæsj og stå opp ein halvtime tidlegare enn naudsynt, har det mange fine sider. Du får trim, frisk luft og tid for deg sjølv til å fundere.

På den negative sida legg ein merke til kor mykje boss folk hiv langs vegane. Snusboksar, matemballasje, papirboss og anna. Trass i at det dukkar opp søppelspann med jamne mellomrom der eg går.

Dårleg impulskontroll?

Eg går mest i Hafstad-Kronborg og eg finn mykje rart på min veg. For nokre veker sidan såg eg ei forsinka pyntebøtte i ei skråning ved Hafstadparken. Like ved låg ein tom eggekartong. Det låg ein til slik eit par hundre meter unna ved E39.

Utan å forsvare dei som kastar snusboksar, hurtigmatemballasje eller tomgods frå alkoholkonsum, kan ein tenke at promille truleg har bidratt til svekka dømeevne og dårleg impulskontroll.

Då undrar eg meg meir over trongen til å kaste tomme eggekartongar langs vegen. Det ligg sikkert ei god historie bak kvifor. Den kunne vore artig å høyrt, om nokon føler seg kalla.

Kvifor?

Dei fleste veit at glas kan knuse …

Ein kan irritere seg over boss. Verre er det med alle knuste flasker.

Eg bur i Hafstadhagen. På ein tur frå fotgjengarfeltet ved Hafstad vidaregåande skule til avkøyringa til Hafstadhagen – ei strekke på knappe 200 meter, fann eg glasbrot frå minst fem knuste flasker.

Det er ikkje den mest logiske sida å gå på om ein skal til sentrum på fest. Ein kan undrast om det er flasker som blir kasta ut bilvindauge?

Glas og metall skal ikkje kastast her

Til stor skade for dyr

Knuste flasker er ein uting for både dyr og folk. Når eg går tur med hunden, så kan eg følge med og unngå at den trakkar på eller får i seg glasbrot.

Det same gjeld ikkje ville dyr, eller beitedyr på bøar. Mi vesle empiriske forsking er gjort på ei kort strekke veg, men eg tvilar på at tilstanden er eineståande. Kvart år åtvarar ulike dyrevern- og bondeorganisasjonar mot å kaste brusboksar og glasflasker i naturen.

Kvast er ei liding der dyr et skarpe eller spisse gjenstandar. Til dømes når bitar av glas- eller metallemballasje hamnar i fôret. Ifølge tal frå Tine og Storfekjøttkontrollen blir over 1000 storfe råka årleg. Det fører til store lidingar og i enkelte tilfelle død.

6 grunnar til å ikkje kaste glasflasker og brusboksar i naturen

Treng du bruksrettleiing?

Om du er i tvil: Søppel skal i søppelbøtter. Brusboksar kan du pante, og få nokre kroner i retur. Glas- og metallemballasje blir levert til resirkulering.

Du finn også søppelbøtter med jamne mellomrom i Førde sentrum. På utstillingsplassen er det til og med høve til å kaste metall og glasemballasje i ein dertil eigna konteinar.

Om vi alle tek ansvar sjølv, så løyser problemet seg ganske enkelt.

Dette er rett og slett flautt, Førde!

🏷️ Extracted Entities (8)

Førde (entity) Hafstadhagen (entity) E39 (entity) Hafstad (place) Hafstad-Kronborg (entity) Hafstadparken (entity) Storfekjøttkontrollen (entity) Tine (entity)