Herold

Vil «børne» i fred: – Eg tenkjer politiet slår altfor hardt ned

Plus
Kilde: NH Author: Synnøve Solstad Hefte Published: 2026-04-27 17:33:22
Vil «børne» i fred: – Eg tenkjer politiet slår altfor hardt ned

Den siste tida har det vore fleire hendingar med børning. Politiet har lova å ta tak i sakene. Nicolay Erstad Sletten meiner politiet går for hardt ut.

Den bilinteresserte unge mannen har ting på hjartet som han ønsker å få fram.

– Eg tenkjer at dei slår altfor hardt ned, seier Erstad Sletten og snakkar om politiet.

– Me gjer det aldri på stader der det vil utsette andre for skade.

Han viser til sakene som NH både før og etter helga hadde om hendingar med børning. Svidd gummi på Flatøy og Alverflaten har ført til store og svarte merke midt i vegen.

Seinast måndag omtalte lokalpolitiet køyringa som «Heilt uakseptabelt». Dei lova å ta tak i problematikken.

Uskyldig moro

Der mange nok er glade for at politiet vil gå fram med hard hand, ønsker Erstad Sletten å nyansere problematikken. Han er del av eit miljø som driver på med børning. I denne saka snakkar han ikkje på vegner av nokon andre, men som enkeltperson.

Slik han ser det handlar hendingane berre om uskyldig moro. Han seier om ikkje nokon tilbyr miljøet ein stad for frikøyring, så må politiet tole børninga.

– Det er jo også ein måte å læra seg å kontrollera og handtera bilen sin på. Det er mange som er redde for å køyra på glatt føre. Med børning kan ein læra å halda styringa på bilen når den slit eller sklir, så det er veldig lærerikt.

Han seier at dei som held på med børning, ikkje held på når det er andre biler eller gåande til stades.

– For eksempel på Flatøy er det ingen som vil kome til skade med å spinne ein runding på vegen.

Han visar til spora som vart oppdaga sist veka ved det gamle busstoppet på Flatøy. Vegen blir dagleg brukt av folk som bur i området og av tilsette ved Framo Flatøy.

– Den kom og spann rett ved sida av meg: Kva skjer?!

Samarbeidsvillig

Han seier at han godt kan stilla opp for å snakka med politiet for å finna ei løysing som passar alle.

Han ber om at politiet er litt rundare i kantane og ikkje er for raske med å ta frå nokon førarkortet.

– Dei må gjera ein innsats og gje folk sjansar.

– I kommentarfeltet er det mange som er over 50 år som seier det er greitt at ungdommen held på og at dei sjølve har gjort det då dei var unge. Det er fleire som er positivt til dette, meiner han.

Erstad Sletten meiner det ikkje kan vera så ille å spinna i ei rundkøyring på kveldstid når ingen er til stades. Det verste som kan skje er at ein kjem borti kanten på rundkøyringa og hjulet punkterer.

– Politiet bør vera meir open for å finne ei løysing på dette og ikkje gå så hardt ut. Det er berre spor i vegen.

Politiet blir nedringt: – Kjem til å slå knallhardt ned på dette

🏷️ Extracted Entities (4)

Framo Flatøy (person) Nicolay Erstad Sletten (person) Alverflaten (entity) Heilt uakseptabelt (entity)